Amerikanarar fjernar «Black lives matter» frå hovudstaden
Demokratane som styrer i Washington DC gir etter for press frå presidenten.

– Eg måtte vere her og vitne det.
Det seier Starlette Thomas til nyheitsbyrået AP. Måndag var ho til stade ved George Floyd-protestane i 2020, og no står ho med delar av vegmåleriet som blir fjerna frå Washington DC.
I 2020 vart orda «Black lives matter» måla på ein veg i nærleiken av Det kvite huset i Washington DC, ved hjelp av finansiering frå styresmaktene i byen. Orda vart måla til hyllest for George Floyd, som vart drepen av ein politimann for fem år sidan.
No blir markeringa fjerna, etter press frå republikanarar i den amerikanske kongressen, skriv CNN. Dei truga med å kutte ein milliard dollar frå budsjettet til byen dersom orda ikkje vart fjerna.
Aktivisten fortel at det er sårande å sjå denne markeringa bli fjerna. Samstundes er ho tydeleg på at det ikkje berre er ord, når ho held ein bit av betongen som er riven opp.
– Å dra med ein del av dette, betyr at det ikkje er borte. Det er meir enn sement og murstein, seier Thomas.