Onsdag kjem Efta-domstolens dom i saka om Førdefjorden
Miljøorganisasjonane ventar spent på Efta-domstolens dom i saka om gruvedumping i Førdefjorden. Resultatet kan få noko å seie i ankesaka i lagmannsretten.

– Vi er optimistiske. Både EU-kommisjonen og Eftas overvakingsorgan har komme med tydeleg støtte til synet vårt, og vi trur det er gode moglegheiter for at Efta-domstolen vil gjere det same, seier leiar Sigrid Hoddevik Losnegård i Natur og Ungdom i ei pressemelding.
Dei har saman med Naturvernforbundet saksøkt staten for å tillate dumping av opptil 170 millionar tonn med gruveavfall i Førdefjorden. Grunnen er at dei fryktar forureining av fjorden.

Sigrid Hoddevik Losnegård er leiar i Natur og Ungdom. Foto: Lovise Tokle Rannekleiv
I januar i fjor tapte organisasjonane søksmålet i Oslo tingrett, men har anka dommen til lagmannsretten.
I samband med dette har organisasjonane bede om ein rådgivande uttale frå Efta-domstolen. Efta-domstolens tolkingar er rettleiande, men blir ofte tillagde stor vekt.
Håpet deira er at domstolen vil slå fast at løyvet til staten er i strid med EUs vassdirektiv. Ifølgje direktivet kan forureining berre tillatast dersom det er av overordna eller vesentleg samfunnsinteresse.
Saka vart behandla i Efta-domstolen i oktober, og fredag sende domstolen eit varsel til partane om at avseiing av dommen vil skje onsdag denne veka klokka 14.
Både EU-kommisjonen og Eftas overvakingsorgan Esa har uttalt seg i saka. Begge meiner at verken omsynet til privat forteneste eller skatteinntekter fell inn under kravet i vassdirektivet for å tillate forureining.