Miljørørsla tapte mot staten: – Ei krise for rettsvernet til naturen

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har tapt Fjordsøksmålet i Oslo tingrett. Staten får medhald for løyvet sitt til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Onsdag ettermiddag fall dommen i ein av Noregs mest langvarige miljøstridar.

Der slo tingretten fast at miljøorganisasjonane ikkje får medhald i at løyvet til gruvedrift med sjødeponi i Førdefjorden er ugyldig.

– Vi er både sinte og skuffa. Denne dommen er ei krise for rettsvernet til naturen i Noreg, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet etter at dommen vart klar.

Gruveselskapet Nordic Mining, som har fått løyve av staten til å dumpe 170 millionar tonn gruveavfall i fjorden, seier derimot at dommen er som venta.

– Vi opplever at staten har gjort ein grundig jobb dei 15 åra saksbehandlinga har funne stad og er glade for at retten anerkjenner at løyva og konsesjonane våre er gyldige, seier administrerande direktør Ivar S. Fossum.

Må ta rekninga

I dommen kjem det fram at Naturvernforbundet og Natur og Ungdom må betale for sakskostnader til både Klima- og miljødepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Det svarer til ein prislapp på 1,4 millionar kroner.

Naturvernforbundet ber no om pengehjelp til å betale rekninga.

– Eg er utruleg skuffa over at retten i tillegg til å ikkje innvilge klagene våre, har straffa organisasjonane dobbelt ved å dømme oss til sakskostnadene til staten på heile 1,4 millionar kroner, seier Gulowsen på ein pressekonferanse onsdag kveld.

– I mine villaste fantasiar hadde eg ikkje rekna med at vi kunne få eit sånt resultat. Vi er nøydde til å be dykk og alle andre i heile det norske samfunnet om å hjelpe oss med å betale den bota, som vi nesten kan kalle det, seier han.

Miljørørsla har enno ikkje teke stilling til spørsmålet om anke, men advokat Amund Noss, som fører saka for miljøorganisasjonane, seier det kan bli aktuelt å ta saka vidare til Efta-domstolen.

Efta-domstolen er ein overnasjonal domstol oppretta at dei Efta-statane som i 1994 vart ein del av EUs indre marknad gjennom EØS-avtalen.

– Dette er absolutt ei sak som fortener ei vidare behandling i norske domstolar. Det kan også vere aktuelt å ta denne saka vidare til Efta-domstolen, seier Noss.

Betent debatt

Det striden står om handlar om at 80 prosent av det knuste fjellet skal tømmast i Førdefjorden, noko som svarer til 170 millionar tonn gruveavfall.

Nordic Mining, som planlegg gruvedrift i fjellet, har fått løyve av staten til å deponere gruveavfallet i fjorden. Heilt sidan 2008 har derimot miljørørsla kjempa for å hindre dette. Dei har heile tida hevda at løyvet byggjer på feil forståing av EU-direktiv, og dermed ikkje kan vere gyldig.

Dei meiner også at gruveavfallet vil ramme livet i Førdefjorden hardt. Fire lakseførande vassdrag renn ut i fjorden, som har særskilt vern som nasjonal laksefjord.

Staten sin eigen faginstans Havforskingsinstituttet har også tidlegare avrådd prosjektet, som dei meiner ikkje er berekraftig bruk av fjorden.

Vil halde fram kampen

– Denne dommen er heilt feil. Fjordsøksmålet har avslørt store svakheiter og feil i måten norske styresmakter behandlar naturen på, seier leiar Gytis Blazevicius i Natur og Ungdom.

Anne-Line Thingnes Førsund frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, der Førdefjorden ligg, er opprørt.

– Vestlandets rikaste fjord blir brukt som søppelplass for gruveavfall i ei tid med katastrofalt artstap og eit hav i krise! Framtida vil dømme oss hardt viss denne skammelege dommen blir ståande, seier ho, og understrekar at kampen vil halde fram.

– Pressa frå resten av verda som jobbar for eit reint hav vil bli fort stort. Førdefjorden skal leve, seier ho.