Vekas viktigaste: Val i Tyskland, kryptotjuveri og motorsykkelbombe
Kollasj av Framtida.no | Foto: AP Photo/Juan B Diaz, Soeren Stache/DPA via AP, Pool og Vincent van Zeijst, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons
Her er nokre av dei viktigaste sakene frå veka som gjekk:
Åshild Slåen
Publisert
Stor framgang for ytre høgre i Tyskland
Tyskland hadde val til nasjonalforsamlinga si på sundag. Det kristenkonservative partiet CDU/CSU fekk størst oppslutning, med 28,5 prosent av stemmene, og 208 av 630 mandat i Forbundsdagen. Partileiaren Friedrich Merz har starta arbeidet med å danne regjering.
Ytre høgre-partiet Alternativ für Deutchland (AfD) vart det nest største partiet, med 20,8 prosent av stemmene og 152 mandat. Det er dobbelt så stor oppslutning som ved førre val.
Historisk har tyske parti nekta å samarbeide med ytre høgre etter 2. verdskrig. Det gjer det vanskeleg å danne ei fleirtalsregjering for Merz. Noko av grunnen til at det vart skrive ut nyval i Tyskland, var fordi det liberale partiet FDP trekte seg ut av regjering i november, og det sosialdemokratiske partiet SDP vart ståande att med ei mindretalsregjering.
Dei andre store tyske partia er ikkje naturlege samarbeidspartnarar for CDU/CSU, men Merz har lova å ha klar ei ny regjering innan påske.
Alice Weidel er ein av leiarane i partiet AfD, som fekk over 20 prosent av stemmene i det tyske valet. | Foto: Soeren Stache/DPA via AP, Pool
Trump vil innføre 25 prosent toll på EU-varer
President Donald Trump sa onsdag at USA snart kjem til å kunngjere 25 prosent toll på varer frå EU, skriv NRK. Han seier også at tollen på varer frå Canada og Kina truleg blir innført frå april.
Det kan få alvorlege konsekvensar for verdsøkonomien. Ein talsperson for EU har sagt at dei vil reagere raskt og kraftfullt på eventuelle tollsatsar.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har ifølgje NRK uttalt at regjeringa har kontakt med EU og den norske eksportnæringa. Målet for regjeringa er å sørgje for at Noreg ikkje blir ramma av eventuelle mottiltak frå EU mot USA.
Ein potensiell handelskrig kan gjere vanlege varer dyrare. | Illustrasjonsfoto: Clara Indine Husabø
Minst 152 personar er døde i Tyrkia etter å ha drukke giftig sprit
Spriten inneheldt metanol, også kjent som tresprit, som kan gi alvorleg forgifting, med leverskadar som kan gjere at ein blir blind eller dør. Metanol er ein type alkohol som er billigare å produsere enn vanleg brennevin, og blir nokre gonger tilsett i ulovleg heimebrent.
Ulovleg produsert brennevin har blitt meir utbreidd i Tyrkia etter at styresmaktene sette opp avgiftene på alkohol. Ifølgje ei kjelde i innanriksdepartementet til nyheitsbyrået skal 983 personar vere pågripne i samband med sal av ulovleg alkohol, og 445 000 liter sprit er beslaglagt.
Istanbul i Tyrkia, der opp til 70 personar har døydd av å drikke ulovleg sprit. | Foto: Hunanuk, CC0, via Wikimedia Commons
Det skal vere ei statleg hackargruppe, kjent som TradeTraitor eller Lazarus-gruppa, som har stole kryptovalutaen Ethereum frå den store kryptobørsen Bybit.
Hackarane veksla valutaen til Bitcoin og andre kryptovalutaer. FBI ventar at gruppa vil gjere dette fleire gonger for å kvitvaske det dei har stole før dei tek ut pengane.
Nordkoreanske hackarar stal store verdiar av kryptovaluta førre veke, ifølgje FBI. | Illustrasjonsfoto: Sajad Nori/Unsplash
17 skadde i bombeåtak i Colombia
Måndag vart 17 personar såra i eit bombeåtak i Colombia, ifølgje NTB. To av dei skadde var barn.
Det var truleg festa ei sprengladning til ein motorsykkel som gjekk av utanfor ein politistasjon. Åtaket skjedde i byen Morales, nord i Colombia.
Dette området er kontrollert av EMC, ei utbrytargruppe frå FARC.
FARC er opphaveleg ei geriljagruppe, no eit politisk parti, som inngjekk ei fredsavtale med dei colombianske styresmaktene i 2016. EMC består av personar frå FARC som er ueinige med fredsavtala.
Ein politimann undersøker staden der ein motorsykkel vart sprengt i Morales i Colombia. | Foto: AP Photo/Juan B Diaz
✨Lyspunkt✨: Niger har utrydda elveblindskap
Niger er det fyrste landet i Afrika som har utrydda elveblindskap, og det femte landet i verda, skriv Verdens Beste Nyheter. Det er ein sjukdom som kjem frå ein orm i knottarten Simulium, som kan leve i huda til folk over lang tid.
Sjukdommen kan føre til kløe, irritasjon og i verste tilfelle at ein mistar synet.
Gjennom massebehandling og sprøyting av insektmiddel kan WHO i år stadfeste at sjukdommen er utrydda.
Knottarten lever i nærleiken av rennande vatn, og fråværet av sjukdom gjer det enklare å drive med landbruk i desse områda.
Arbeid ved elva Niger i landet Niger. Frå 2025 slepp innbyggjarane i landet å bekymre seg for elveblindskap. | Foto: Vincent van Zeijst, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons
Vil du få Vekas Viktigaste rett i innboksen?
Nyheitsbrevet kjem fredag morgon. Dersom du vil at vi skal fjerne deg frå lista er det berre å klikke på avabonner nedst i e-posten.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.