Indonesia: Unge menn straffa med stokkeslag for homofil sex
Amnesty International fordømmer avstraffinga av to menn, som vart dømde for å ha hatt sex.

Torsdag vart to unge menn offentleg piska i den konservative provinsen Aceh i Indonesia.
Ifølgje Daily Mail er dei to 18 og 24 år gamle. Arrestasjonen skal ha vorte gjennomført i november i fjor etter at naboar mistenkte at dei to hadde eit forhold og braut seg inn på rommet dei leigde saman, der dei skal ha klemt kvarandre nakne.
Sharialovgjeving i provinsen
I 2022 skapte det overskrifter internasjonalt då Indonesia innførte landsdekkjande lover mot sex utanfor ekteskap. Det kan straffast med inntil eitt års fengsel, men styresmaktene har lova at dei ikkje vil sjekka sivilstatusen til turistar.
Indonesia er eit muslimsk land der homofili er eit stort tabu. Sjølv om sex mellom likekjønna ikkje er ulovleg nasjonalt, har den konservative provinsen Aceh fått lov å ha sine eigne lover inspirert av sharia. I 2015 innførte regionen nye lover som straffa homofil sex med inntil hundre stokkeslag, bøter på inntil eitt kilo gull og inntil hundre månadar fengsel. Òg utruskap, alkoholbruk, gambling og tettsitjande klede for kvinner, blir straffa med stokkeslag.
Ifølgje Amnesty International vart 135 personar i Aceh straffa på denne måten i 2024.
Det er ikkje uvanleg at privatpersonar eller det religiøse politiet tek seg inn på privatadresser for å avdekkja mistanke om homofil sex. Ifølgje Amnesty International vart fire menn arresterte i eit politiraid i ei liknande sak 4. februar i år, medan to transpersonar vart overlevert politiet 15. februar.
Amnesty: – Inhumant
Den yngste av dei to mennene vart dømt til 80 slag, medan den eldste vart dømt til 85 slag. Dei to skal ha fått strafferabatt fordi dei var flinke studentar som opptredde høfleg i retten.
Amnesty International kallar straffa ei grufull diskriminering.
– Intime seksuelle relasjonar mellom samtykkande vaksne skulle aldri vore kriminalisert, og ingen skal straffast på bakgrunn av deira antekne seksuelle orientering, seier Amnesty International sin regiondirektør Montse Ferrer i ei utsegn på nettsidene deira.
Ho reagerer på at dei to vart offentleg audmjuka og fysisk straffa, etter at deira privatliv vart invadert av framande.
– Desse piskestraffene er grufulle, inhumane og nedverdigande, og kan grensa til tortur. Aceh og dei indonesiske myndigheitene sentralt må handla umiddelbart for å stogga denne praksisen og oppheva forordningane som let dei finne stad, seier ho vidare.