Vekas viktigaste: Ukraina-utspel, G20-møte og faraofunn
Ukraina-utspel, G20-møte og eit arkeologisk funn er nokre av dei største nyheitssakene den siste veka. | Foto: AP Photo/Julia Demaree Nikhinson, AP Photo/Jerome Delay og AP Photo/Amr Nabil
Les deg opp på sakene som har prega nyheitsbiletet den siste veka.
Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Trump kallar Zelenskyj diktator
Tysdag møttest Russland og USA i Saudi-Arabia for samtalar om Ukraina, utan at Ukraina var til stades. Heller ikkje representantar frå Europa var invitert til møtet.
President Donald Trump har denne veka antyda at det var Ukraina som starta krigen med Russland og kritisert den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj, skriv VG. I ein post på sitt eige sosiale medium Truth Social kallar Trump Zelenskyj ein «diktator utan val» og skuldar han for å ha gjort ein elendig jobb.
– Påstanden om at Ukraina starta denne krigen, er historisk feil. Det er viktig at vi ikkje let det bli ståande som ei slags falsk sanning, seier Noregs statsminister Jonas Gahr Støre, ifølgje NRK.
Zelenskyj seier at han ikkje vart invitert til samtalane i Saudi-Arabia. Trump har svart at han kunne ha kome om han hadde hatt lyst.
Zelenskyj møtte Donald Trumps utsending Keith Kellogg torsdag. I ei videomelding seier den ukrainske presidenten at samtalen gir håp om å oppnå ein avtale med USA.
Donald Trump og Volodymyr Zelenskyj fotografert i Trump Tower i New York i september 2024. | Foto: AP Photo/Julia Demaree Nikhinson
Toppmøte i Sør-Afrika
Torsdag starta G20-møtet i Sør-Afrika. G20 er eit internasjonalt samarbeidsforum for dei landa som har definert seg som dei viktigaste økonomiane i verda. Også EU og Den afrikanske unionen er med.
Noreg er i år med som gjesteland, og utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) er til stades i Johannesburg. Torsdag var den geopolitiske situasjonen i verda tema for utanriksministermøtet. Til E24 kritiserer Eide Trumps utsegner om Ukraina og åtvarar om den auka innflytelsen til Kina.
Den kinesiske utanriksministeren Wang Yi på utanriksministermøtet som opna G20 i Johannesburg i Sør-Afrika. | Foto: AP Photo/Jerome Delay
Bolsonaro sikta for kuppforsøk
Brasils tidlegare president Jair Bolsonaro er sikta for kuppforsøk for å behalde makta etter presidentvalet i 2022, då han tapte mot president Luiz Inácio Lula da Silva. Nyheitsbyrået AP skriv at riksadvokat Paulo Gonet sikta Bolsonaro tysdag.
Ifølgje siktinga skal Bolsonaro ha kjent til og vore samd i ein plan om å forgifte Lula da Silva og drepe høgsterettsdommar Alexandre de Moraes, skriv nyheitsbyrået. Bolsonaro og 33 andre personar skal ifølgje riksadvokaten ha vore med på plottet. Ifølgje ein 884 sider lang rapport frå politiet innebar planen òg å så tvil om valsystemet blant befolkninga og oppelde til opptøyar. Bolsonaro-tilhengjarar storma nasjonalforsamlinga få dagar etter innsettinga av Lula som president.
Bolsonaro nektar for å ha gjort noko gale og uttala tysdag at han ikkje var uroa over skuldingane mot han, skriv AP.
Høgsterett skal no avgjere om Bolsonaro må møte i retten.
Brasils tidlegare president Jair Bolsonaro, her intervjua på flyplassen i Rio de Janeiro i juni 2023. | Foto: AP Photo/Silvia Izquierdo
Tettare oppfølging av unge kriminelle
Byrådet i Oslo planlegg tettare oppfølging av unge kriminelle. Til sommaren kan kommunen starte med éin-til-éin-oppfølging av unge kriminelle, skriv NRK. Politiet har utarbeidd ei liste med 40–50 aktuelle kandidatar som dei meiner treng særleg oppfølging.
Det er den andre dødelege gruveulukka i landet på tre veker, melder BBC. I slutten av januar mista minst ti menneske livet i ei gullgruve i Koulikoro-området.
Mali er ein av dei største gullprodusentane i Afrika. Mange gruver blir drivne illegalt og har dårleg sikkerheit.
Illustrasjon: Canva
Første faraograv funnen på over hundre år
Grava til oldtidskongen Thutmosis II er funnen i Egypt, opplyser landets styresmakter. Det er over hundre år sidan sist ein fann grava til ein konge. Tutankhamons grav vart oppdaga i 1922.
Grava til Thutmosis II er oppdaga i Kongedalen i Luxor sør i Egypt. Han er ein av forfedrane til Tutankhamon og styrte frå 1493 til 1479 før vår tidsrekning. Thutmosis II var gift med Hatshepsut, ein av dei mest framgangsrike kvinnelege faraoane. Grava inneheldt ingen mumie eller skattar slik Tutankhamons grav gjorde. Studiar tydar på at innhaldet vart fjerna i antikken.
Egyptiske styresmakter kallar likevel funnet eit av dei viktigaste arkeologiske gjennombrota dei siste åra, skriv The Guardian.
Frå Kongedalen i Luxor i Egypt. | Illustrasjonsfoto: AP Photo/Amr Nabil
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.