A complete unknown – pen å sjå på og knallgod musikk
Filmen om Bob Dylan er ingen vill berg-og-dal-bane-tur, men meir ein roleg turistbuss med ein erfaren guide.

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.
Det er mange som har høge forventningar til denne filmen. Bob Dylan er eit av dei største namna i musikkhistoria, Timothée Chalamet er ein av dei mest populære skodespelarane for tida, og filmen har allereie fått mange prisar og nominasjonar. Men har filmen noko meiningsfullt å melde?
A Complete Unknown
Speletid: 2 timar og 20 minutt
Sjanger: Musikk, «bio-pic», drama
Regissør: James Mangold
Kvar: På kino frå 21. februar
Klisjefylt sjanger
Eg var ganske skeptisk til filmen. Det er vanskeleg å fortelje historier om kunstnarar på ein engasjerande og meiningsfull måte, og klisjefylte filmar som Bohemian Rhapsody og Amy har gitt meg litt avsmak for sjangeren. Regissør James Mangold har tidlegare laga filmen Walk the Line om Johnny Cash, som var med på å skape mange av klisjeane som pregar sjangeren i dag. Heldigvis har han lært ein ting eller to, og A Complete Unknown overraska meg positivt.
Eit fint grep filmen gjer er å fokusere på to sentrale periodar i Dylan sin karriere. Slik unngår dei å lage ein filmatisert Wikipedia-artikkel der dei skummar gjennom dei viktigaste hendingane i livet hans, men gir oss tid til å bli engasjert i stemninga og historia.
Dritsekk og musikalsk geni
Fyrste periode er frå 1961. Her kjem den unge Dylan for fyrste gong til New York, han møter sitt idol Woody Guthrie (Scoot McNairy), og det som skal kome til å bli ein farsfigur, Pete Seeger (Edward Norton). Han får seg sin fyrste ordentlege kjærast, blir kjend med Joan Baez (Monica Barbaro), og gjer sitt store gjennombrot som artist. Her plantar dei frøa som skal spire i neste periode; vise-sjangeren står i fare for stor endring, og Dylan er ein like stor dritsekk som han er eit musikalsk geni.
Andre periode startar i 1965, og handlar om då han gjekk over til å spele meir rockete ting med elektriske instrument. Her får vi sjå korleis Dylan sitt nye kjendisliv påverka han og dei rundt han, og korleis han kom til å endre vise- og rocke-sjangrane for alltid. Eg synest dei gjer ein god jobb med å velje kva dei skal fokusere på. Det er ein tilfredsstillande heilskap over historia. Eg er ingen Dylan-ekspert, men handlingane verkar autentiske, sjølv om dei sikkert har tatt seg nokre kunstnariske fridomar.
Musikken i fokus
Filmen har ei litt flat kurve, ting ruslar og går, det er underhaldande men ikkje veldig engasjerande. Det er ingen vill berg-og-dal-bane-tur, men meir ein roleg turistbuss med ein erfaren guide. Og med mykje god musikk på anlegget.
Musikken er hovudappellen til filmen. Alle skodelspelarane spelar instrumenta og syng sjølv, og det merkast. Det er gøy å sjå og høyre så mange ikoniske songar spelt på scenane dei faktisk blei spelte på. Me får ikkje eit veldig godt innblikk i den kunstnariske prosessen, men eg trur folk flest er fornøgde med å sjå Chalamet klimpre på ein halvferdig versjon av Girl from the North Country og nokre scenar frå studio. Det musikalske høgdepunktet var konserten der Dylan for første gong bringa rock til eit visepublikum. Dei enorme reaksjonane til publikum og leiinga av visefestivalen blanda med den energirike musikken var skikkeleg spanande.
Chalamet gjer ein flott jobb
Etter musikken er det skodespelet som engasjerer. Chalamet gjer ein flott jobb som Dylan. Av og til sklir han litt over i ein standard Dylan-parodi, men han klarar stort sett å finne balansen mellom å setje sitt eige preg på rolla og vise respekt til den verkelege personen. For meg var Edward Norton som Pete Seeger eit høgdepunkt. Han fekk fram rollekonflikten til Seeger, som farsfigur til Dylan, men også forkjempar for det tradisjonelle, på ein verkeleg hjartevarm og subtil måte.
Nokre klisjear er umogleg å unngå. Det som eg reagerte mest på var då kjende karakterar frå musikkhistoria vart introduserte som om dei var kjære superheltar i ein Marvel-film. Dylan sit i studio, og det kjem ein ukjend kar inn. «Mitt namn er Al. Al Kooper». Ein liten pause for at publikum skal klappe og juble. Det var sikkert kult for dei som kjenner namnet og personen frå før av, men for meg blei det litt tullete. Heldigvis skjedde det ikkje så ofte, og var meir ei påminning om kor gale det kunne ha vore.
Men sjølv eg kan leggje vekk skepsisen min og nyte klisjeane om det er underhaldande. Like etter å ha blitt introdusert går Kooper bort til orgelet og hamrar ut den ikoniske introen på Like A Rolling Stone, utan å ha høyrd songen før. Om det var slik det var i verkelegheita veit eg ikkje, men det er i alle fall god TV.
Store sko å fylle
Denne filmen har veldig store sko å fylle. Ikkje berre er Dylan ein av dei mest anerkjende og innflytelsesrike artistane frå det førre hundreåret; den perfekte filmen om Dylan er allereie laga. I’m Not There (2007), regissert av Todd Haynes, tar for seg Dylan sitt liv og verke på ein måte som verkeleg får fram hans mytiske og kunstnariske vesen. I staden for å ha ein skodespelar som spelar Dylan gjennom heile sitt liv, har dei seks ulike karakterar, alle med ulike namn, visuelle stilar og som tar for seg ulike periodar av livet hans. Det er ein film som sette spor i meg og blei betre jo meir eg tenkte på han, mykje på grunn av dei kunstnariske sjansane skaparane tok. A Complete Unknown står i sterk kontrast til dette; han var fin i augeblikket, men eg sit ikkje igjen med så mykje meir enn ei vag, god kjensle og eit ynskje om å høyre på Bob Dylan.
Så sjølv om filmen ikkje var grensesprengande, var han godt laga, pen å sjå på, musikken var knallgod og skodespelarane gjorde det skikkeleg bra. Filmen lovar godt for «bio-pic»-sjangeren framover, sidan han klarar å vere ein «blockbuster» utan å falle i alle dei vanlege fallgruvene. Eg koste meg, og no skal eg sjå I’m Not There ein gong til.