Når Noor Eckhoff ikkje er på fotballtrening, sit ho og teiknar i timevis. Me har teke ein kikk i bokhylla hennar.
– Eg høyrer veldig mykje på lydbok medan eg jobbar/teiknar. I løpet av året blir det kanskje mellom 20-25 bøker, skriv Noor H. Eckhoff på e-post, på spørsmål om kor mykje ho les.
Fotballspelar og teikneserie
Sommaren 2023 kom 24-åringen med si første bok: tegneserieboka Noor blør for drakta.
«Gjennom tegneserien min forsøker jeg å skape humor ut av det å tilhøre et prestasjonsmiljø og alt som hører til i livet som aktiv toppidrettsutøver», fortel ho i forordet, der ho meiner det er mogleg å lage humor ut av det meste, også livet som proff fotballspelar i Italia.
Ho spelar på landslaget og for den svenske klubben Linköping FC, og i 2021 starta ho å legge ut teikneseriestriper på Instagram.
Se dette innlegget på Instagram
Krim og biografiar
På nattbordet no for tida ligg «Marekors», den femte boka i serien om Harry Hole av Jo Nesbø.
Helst les ho biografiar og «fakta og dokumentar»-bøker, men ho kan også like ei god krimbok.
– Kor les du?
– Eg føretrekk å høyre på lydbok medan eg sit heime og teiknar og jobbar, eller i senga før eg skal leggje meg.
Astrid Lindgren og manga
Då ho var liten var det mest fantasy, eventyr og skjønnlitteratur det gjekk i, i tillegg til mykje manga.
– Og så var eg spesielt glad i bøkene til Astrid Lindgren og Roald Dahl. Brødrene Løvehjerte og Verdens største fersken var blant favorittane mine.
I tenåra var det Mi briljante venninne (og resten av bøkene i Napoli-kvartetten) av Elena Ferrante som gjorde sterkast inntrykk.
Og av alle bokkarakterar, er det nettopp desse ho har kjent seg mest igjen i.
– Eg hugsar at eg kunne relatere mykje til begge dei to hovudkarakterane i «Napoli-kvartetten», Lila og Elena, trass i deira tydelege kontras
Harry Potter-draum
Ho meiner ei god bok rører deg emosjonelt, samtidig som den gir deg nye perspektiv, vekker nysgjerrigheit, og inspirerer deg til å ville lære meir om temaet. Samtidig er det også avgjerande at språket er godt.
Sjølv skulle ho ønske ho hadde skrive bøkene om Harry Potter.
– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?:
– Det klarar eg ikkje å svare på!
Åsne Seierstad for alltid
– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?
– Astrid Lindgren
– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?
– Åsne Seierstad
– Om boka skulle bli filmatisert – kven spelar hovudrolla?
– Henriette Steenstrup, berre 30 år yngre og med pannelugg.