Desse fire kan vinne Tarjei Vesaas’ debutantpris

Når Tarjei Vesaas' debutantpris skal delast ut for 60. gong i mars, er det Olav Fangel, Marie Kinge, Ingvill Kjærstein og Anna With som kappast om heideren.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fire er nominerte av Den norske Forfatterforenings litterære råd for dei skjønnlitterære debutromanane sine, gitt ut i 2024.

Fangel (f. 1995) debuterte med «Embrik i høgare oppløysing», Kinge (f. 1991) med «Du lurer ikkje meg», medan debutromanen til Kjærstein (f. 1993) heiter «Austvestpassasjen». With (f. 1997) er nominert for diktsamlinga «Eplet, nesten».

Debutantprisen vart oppretta i 1964 av Tarjei Vesaas med pengane han fekk då han vart tildelt Nordisk råds litteraturpris.

I samråd med familien hans er det frå i år av opna for at prisen kan bli gitt til debutantar opp til 40 år.

Prisvinnaren blir kunngjort 22. mars på Den norske Forfatterforenings årsmøte.