Har du fått med deg nyheitene som har prega den siste veka?
Har du fått med deg nyheitene som har prega den siste veka?
Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Måndag vart Donald Trump (78) teken i eid som USAs 47. president. Det har vore mykje spenning verda over knytt til korleis Trump vil følgja opp internasjonale avtalar, som han tidlegare har trekt landet ut av og uttala misnøye med.
På sin første dag signerte Trump ei rekkje presidentordrar, mellom anna å:
Torsdag starta regjeringa behandlinga av tre direktiv, som er ein del av EUs fjerde energimarknadspakke. Dette er EU sitt nye regelverk for rein og fornybar energi, som tredde i kraft i 2021.
Det som vert behandla av regjeringa er:
Arbeidarpartiet går inn for endringane, sjølv om regjeringspartnarane i Senterpartiet er sterkt imot. Det kan bety regjeringskrise, som kan føra til at Senterpartiet trekker seg. Torsdag hadde begge partia hastemøte.
Senterpartiet vil venta med saka til etter valet og åtvarar om at det vil gjera Noreg til ein fullverdig medlem av den europeiske energimarknaden.
– Det vil svekkja nasjonal kontroll med straumpolitikken og svekkja moglegheitene for låge og stabile straumprisar i Noreg, seier Marit Arnstad (Sp) til NRK.
Denne veka innførte parlamentet i Irak lovtillegg som gjev religiøse domstolar meir påverknad på saker som handlar om familie.
Motstandarar meiner dette vil undergrava lova om sivilstatus frå 1959, som inneber at ein må vera 18 år gamal for å inngå ekteskap, melder The Guardian.
Lovendringa inneber at religiøse kan dømma i slike saker, basert på eigne reglar.
Lovene som vert praktisert av enkelte sjiamuslimar i Irak opnar for barneekteskap heilt ned i niårsalderen, medan tilsvarande grense for sunnimuslimar i landet er 15 år.
Menneskerettsaktivist og kvinnesaksforkjempar Intisar al-Mayali seier lovendringa vil få katastrofale følgjer for rettane til kvinner og jenter gjennom barneekteskap som bryt med retten til ein barndom.
Ho fryktar òg for retten til skilsmisse, barnefordeling og retten for kvinner til å arva.
Adopsjonsutvalet kritiserer norske myndigheiter og foreininga Adopsjonsforum for adopsjonar frå Ecuador og Colombia.
Det kjem fram i ein delrapport, som vart levert barneminister Kjersti Toppe (Sp) denne veka.
Utvalet løftar ei konkret sak som er omtalt i VG. Camilla Austbø (37) vart kidnappa og adoptert til Noreg. Då saka vart kjent overførte Utanriksdepartementet og Adopsjonsforum pengar til Ecuador, som fråfall kravet om å få jenta tilbake.
Adopsjonsforum får kritikk for å ikkje undersøka adopsjonane godt nok, og får saman med styresmaktene kritikk for å freista å dekkja over sakene.
– Me vil først og fremst beklaga på det sterkaste den urett som har blitt gjort mot dei involverte. Adopsjonsforum tek kritikken på det djupaste alvor, sa dagleg leiar Sidsel Elie Aas til VG.
Tysdag vart 79 menneske drepne då det braut ut brann på hotellet Grand Kartal Hotel i Bolufjella, som er ein skidestinasjon.
Minst 20 av offera skal vera barn, ifølgje lokale medium.
Det tolv etasjar høge hotellet hadde 238 gjester då det braut ut brann i restaurantetasjen rundt klokka 3.30 på natta.
Ein overlevande fortel ifølgje Reuters at det ikkje gjekk av nokon alarm og at gjestene måtte finna fram i mørke, røyklagde gangar. Fleire hoppa frå vindauga i bygget.
Elleve personar er arresterte i samband med etterforskinga, mellom anna viseborgarmeister for provinsen, brannsjef, eigar og dagleg leiar av hotellet.
Forskarar spurde 6000 britiske barn i alderen 6–14 år om kva dei meinte var årets ord for 2024.
Dei tre finaleorda vart kindness, artificial intelligence og conflict, som vart rangert i den rekkjefølgja.
Borna uttrykte at det var stort behov for å vera snillare med kvarandre, sett i lys av alt det negative som føregår.
– Me veit frå tidlegare år at unge er veldig bevisste på store saker som kan splitta oss som samfunn og samstemte med den viktige rolla språk kan spela i å bringa folk saman. Dette valet signaliserer noko meir personleg, ei bevisstheit rundt psykisk helse og dei skjulte utfordringane andre kan stå overfor, seier Andrea Quincey, som er ansvarleg for barneinnhaldet til Oxford University Press.
Over halvparten uttrykte òg entusiasme og positive kjensler knytt til kunstig intelligens (artificial intelligence).
Barna stemte òg fram sine tre favorittuttrykk, som vart slay, sigma og skibidi.