Min bestemors millioner: – Siktar på hjartet og treffer

Ein blakk ung mann satsar alt for å sikre seg ein god arv frå den sjuke bestemora i denne thailandske dramakomedien. Meldar Jenny Lund let seg både røre og imponere.

Jenny Lund
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.

Då eg var liten, spurde foreldra mine meg om eg hadde lyst å bli med dei og storebror til Azorane, eller om eg heller ville til mormor. Sanninga var at dei allereie hadde bestilt billettar til alle utanom meg, fordi eg aldri hadde sagt nei til å ha nokre dagar saman med min favorittperson i heile verda.

Det er kanskje derfor ikkje så rart at Min bestemors millioner fekk fram tårene fleire gonger. Det betyr likevel ikkje at det å ha eit veldig emosjonelt forhold til eigne besteforeldre er eit krav – dette er ein kvalitetsfilm på alle nivå, der eg trur dei fleste vil finne noko å setje pris på.

 

Min bestemors millioner

Internasjonal tittel: How to Make Millions Before Grandma Dies

Nasjonalitet: Thailand

Regi: Pat Boonnitipat

Noregspremiere: 24.01.2025

Aldersgrense: Tillaten for alle

Sjanger: Drama, komedie

Speletid: 2t 5m

Draumen om arven

Etter å ha droppa ut av universitetet prøver M (Putthipong Assaratanakul) å klare seg som spelstrøymar, med avgrensa hell.

Han bur stadig hos mora Sew (Sarinrat Thomas), som jobbar lange dagar på supermarknaden. Då han får vite at bestemora Mengju (Usha Seamkhum) er ramma av kreft, ser ikkje nyheitene ut til å gå så hardt innpå han. Etter at kusina Mui (Tontawan Tantivejakul) arvar huset til bestefaren sin, som ho passa på i den siste tida før han døydde, klekkjer han derimot ut ein plan for å bli bestemora sitt favorittbarnebarn.

Dessverre for M er ho inga uvitande gammal dame, og lar seg ikkje lett imponere av den plutselege entusiasmen hans. Kan han overtyde henne til å tru han, eller vil arven gå han hus forbi?

Generasjonssjokk

Det ligg ein slags mørk humor i Min bestemors millioner, som kjem betre fram i den engelske tittelen How to Make Millions Before Grandma Dies: Det er jo noko skikkeleg herk, heile planen! M er ein slask, og måten han behandlar bestemora si på er langt frå ideell, i alle fall til å begynne med.

Det er nettopp derfor det er så herleg at ho har ein sterk personlegdom. Eit søtt utsjåande skjuler ei skarp tunge, og samtalane ho har med barnebarnet er herleg spydige. Ho har bein i nasen og urokkeleg arbeidsvilje, som gjer det enda vanskelegare for ho å bli sjuk. Ho treng stadig meir hjelp, men tek ikkje villig i mot det. For dei som sjølv har opplevd sjukdom eller vore pårørande, er det ein situasjon mange kan kjenne igjen. Sårbarheita i dette vert nydeleg brakt til live av Usha Seamkhum i det som utruleg nok er hennar debut som skodespelar.

Mengju og M lever i forskjellige verder: Ho i ei av tru og tradisjon, han i ei der det enklaste alltid er det beste. Ho frustrerer seg over at han aldri lærte seg morsmålet teochew og held fast på tradisjonane familien hennar tok med seg frå Kina, medan han tenkjer at bønner er oppskrytt og at dei døde bryr seg fint lite om korleis gravene deira ser ut. Å sjå dei to sakte men sikkert finne ein felles veg er rørande, men også rivande morosamt.

Min bestemors millioner er ein visuelt pen film, med eit kamera som ofte kviler på det vakre i kvardagen. Sjølv det å stå opp klokka fem om morgonen for å selje rissuppe verkar triveleg. Også lydsporet av strengeinstrument og piano, svevande mellom det lette og vonde, sit igjen som eit høgdepunkt, med ein gjennomgåande melodi som er like velkommen kvar gong han kjem tilbake.

Enkel – og intrikat

Min bestemors millioner har akkurat den type handling ein ser for seg når ein les beskrivinga – om du har laga deg ein idé om kva som kjem til å hende, er han nok ikkje langt frå sanninga.

Likevel kjennest filmen aldri kjedeleg eller direkte føreseieleg. Oversentimentalt vert det heller ikkje. Det har mykje med måten forteljinga kjem fram.

Frå begynninga av veit ein omtrent kor det skal gå, men små drypp av informasjon utdjupar handlinga på tilfredsstillande vis. Dei gongane eg følte at ting begynte å gå i kjente banar, dukka det alltid opp ein liten detalj eller ein bit dialog som gav meg noko nytt å tenkje på.

Karakterane, som først verkar litt einsidige, får meir kjøtt på beina for kvar gong ein møter dei. M og Mengju står utvilsamt i sentrum, men verda rundt dei vert rikare etter kvart som ein som sjåar forstår familien dei er del av betre.

Kvart familiemedlem har sitt å styre med, og filmen tek seg tid til å belyse kvar av dei. Dei vert levande menneske, og ein kjenner på spenningane mellom dei som familie i ein situasjon som tvingar dei nærmare kvarandre. Det at det heller ikkje kjennest overdådig eller tek vekk frå hovudhandlinga om barnebarn og bestemor, vitnar om ei stødig regissørhand og eit velskrive manus. Frå topp til botn er det ein film som siktar på hjartet og treffer.

Kortlista til Oscar

Med eit karaktergalleri det er lett å setje seg inn i og ei universell, men gjennomført forteljing om familie, er Min bestemors millioner ei sjarmbombe vel verd eit kinobesøk.

Om det vert Thailand som stikk av med Oscaren for beste utanlandske film i år vert det ingen klagar frå meg, for å seie det sånn.

Terningkast: 5