Jasmin (18) var lei av hets – starta jentelag for gamarar
– Det er ikkje nokon grunn til å drive med hets mot jenter berre fordi dei likar spele og å gjere det same som gutar gjer, seier e-sportutøvar Jasmin Andersen.
Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.
– Eg trur så å seie alle jenter kan vere einige i at det er vanskeleg på grunn av alt hatet vi får, seier Jasmin Marie Lagmay Andersen.
Når lagkameratane i eit spel får høyre at dei er jenter, er det dei som ofte får skulda anten for at laget tapar eller at det er noko som skjer.
– Det påverkar oss negativt, seier Andersen.
Framtida.no snakkar med gamaren på telefon. 18-åringen har stort engasjement for gaming og e-sport, og var med å starte eit e-sportlag for jenter i Bergen.
I november fekk ho Vestland fylkeskommune sitt e-sportstipend.
Vestland fylkeskommune sitt e-sportstipend
- Stipendet er på 40 000 kroner.
- Med stipendet og satsinga på e-sport vil fylkeskommunen vere med og løfte e-sporten ut av jente- og guterommet og inn i sosiale fellesskap.
- Dette er fjerde gongen stipendet blir delt ut.
- Stipendet går til ein utøvar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan e-sport.
Kjelde: Vestland fylkeskommune
– Det har vore mange kommentarar slengt mot meg fordi eg er jente. Eg har ikkje fått så mykje av det i det siste, men det kan vere litt tøft i blant, innrømmer ho.
Med kvinnelaget og kvinneligaen har det vore ei anna soge – det har utelukkande vore positivt å vere med på.
Kjønnsforskjellar
Barn og medier-undersøkinga til Medietilynet frå 2024 syner at det er færre jenter som gamar dagleg enn gutar. 63 prosent av gutane oppgir at dei spelar dagleg, medan berre 25 prosent av jentene svarar det same.
Undersøkinga viser at det er fleire gutar enn jenter som ofte opplever å få stygge kommentarar når dei spelar, med 16 prosent av gutane mot fem prosent av jentene.
Det er likevel langt fleire jenter som svarar at dei blir sinte eller lei seg av slike kommentarar, ifølge undersøkinga. Medietilsynet understrekar at det er få jenter som har svart på spørsmålet om korleis stygge kommentarar har påverka dei.
– Kvinnelege spelarar møter andre forventingar og reaksjonar i spel enn menn. Kvinner som spelar med andre på nett er meir utsette enn menn for verbal seksuell trakassering, uttala Beate Hygen, seniorforskar ved NTNU Samfunnsforskning, i samband med at Medietilsynet i 2023 lanserte ein videokampanje mot trakassering og hets i spel.
Fekk «masse drit»
Jasmin Andersen har aldri opplevd negative kommentarar frå folk rundt seg, men på nett merkar ho stor forskjell. Då ho var med i ein TikTok-video på kontoen til Bergens Tidende, som òg har skrive om Jasmin og kvinneligaen, fortel ho at ho fekk «masse drit mot seg» i kommentarfeltet.
18-åringen har ei klar melding til folk:
– Det er ikkje nokon grunn til å drive med hets mot jenter berre fordi dei likar spele og å gjere det same som gutar gjer.
Konkurs og nedlagt
Jasmin Andersen spelar for det meste Valorant. Det er eit taktisk skytespel der to lag på fem spelar mot kvarandre. Det var ei venninne som tipsa ho om spelet for rundt tre år sidan. I starten spelte ho heime, men etter kvart oppdaga ho Spillhuset i Bergen.
– Eg var der nesten kvar dag, og blei god ven med dei tilsette. Så bestemte dei seg for å opprette eit Valorant-lag, som på ein måte var mykje for mi skuld, sidan eg var jente og hadde så stort engasjement for å spele Valorant.
På Aktive Gamere-konferansen, der Andersen fekk e-sportstipendet i november, sa kulturminister Lubna Jaffery (Ap) at vi treng fleire trygge rom og opne møteplassar for spel og e-sport for alle, over heile landet.
– Som for unge som elskar fotball eller dans har sine møteplassar, må vi skape det same for dei som trivst best med spel, sa kulturministeren.
Men nyleg gjekk Spillhuset i Bergen konkurs og vart lagt ned, og laget til Andersen i Valorant det same.
– Å drive kulturtilbod på Vestlandet har vore utfordrande når faste inntekter og utgifter ikkje går opp, vi ikkje får det vi søker om, og vi blir heilt avhengig av prosjektmidlar. Dette er ikkje berekraftig i lengda. For å kunne tilby eit stort og lågterskel gratis tilbod for barn og unge må nokon betale, skriv Spillhuset i Bergen på nettsidene sine.
Britt Karen Spjeld, seksjonsleiar for fysisk aktivitet og inkludering i Vestland fylkeskommune synest det er synd at Spillhuset har gått konkurs.
– Det er eit veldig godt tiltak og dei har skapt ein god møteplass for dei som kanskje ikkje har så mange andre møteplassar. Eg er veldig imponert over måten dei i Spillhuset har klart å rekruttere frivillige, seier ho på telefon til Framtida.no.
Spjeld understrekar at fylkeskommunen kjem til å halde fram med e-sportstrategien sin og med å dele ut e-sportstipend.
– E-sportutøvarar skal ha same moglegheiter som idrettsutøvarar. Vi jamstiller e-sport med anna idrett.
Drøymer om nytt lag
Jasmin Andersen har brukt stipendet frå Vestland fylkeskommune til å kjøpe eigen data, men det sosiale miljøet rundt gaming er viktig for ho.
– No som eg ventar på pc merkar eg kor kjedeleg eg har det utan å spele. Så eg vil nok seie at eg lener meg ganske mykje på speling i fritida. Eg ser på det som ein skikkeleg gøy aktivitet, sa Andersen då Framtida.no snakka med ho i midten av desember.
Ho håpar å etter kvart kunne bli del av eit anna norsk lag for kvinner.
– Målet mitt akkurat no er å bli betre på å spele og å kunne bli med i eitt av dei store jentelaga i Noreg, og kanskje internasjonalt seinare.