Allereie som 15-åring fekk Benedicte Adrian platekontrakt. Fem år seinare var ho godt etablert i bransjen.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det sterkaste minnet er deltakinga i ESC og fillene i håret. Mor syntest eg var sprø som gjekk med filler i håret, og eg krangla ofte med pappa. Eg kjende at det var på tide å flytta for seg sjølv, og byrja å leva vaksenlivet, skriv Benedicte Adrian i ein e-post til Framtida.no.

Den folkekjære artisten har i desember vore å sjå som deltakar i 24-stjerners julekalender på NRK, der ho laga lydar på kommando frå programleiar Markus Neby heilt fram til finaleprogrammet på julaftan.

Flytta heimanfrå

I 1984 var Benedicte Adrian 20 år gamal og flytta heimanfrå til ei leilegheit på Fagerborg i Oslo sentrum. Derfrå hadde ho gåavstand til NRK, konsertlokala i byen og treningsstudioet Broen, på Majorstuen.

– Mi største frykt var å måtta flytta heim igjen fordi eg ikkje klarte å leva av musikken. Det skjedde heldigvis ikkje, konkluderer ho.

61-åringen kan skilta med ein musikalsk karriere som er lenger enn dei fleste, og det var aldri tvil om at det var den vegen det gjekk.

– Frå eg fekk platekontrakt som 15-åring, visste eg kvar det bar, men planen var å ta eitt år som artist etter vidaregåande, og så ta det derfrå. Har aldri sett meg tilbake.

 

Eurovision med Dollie de Luxe

Benedicte Adrian og Ingrid Bjørnov var berre 23 år gamle då musikalen deira Which Witch vart sett opp på Festspillene i Bergen første gongen. Den vart sett opp i London nokre år seinare, men fekk lunken mottaking og sette dei i gjeld.

Allereie som 20-åring var Benedicte Adrian godt etablert som artist gjennom Dollie de Luxe, saman med Ingrid Bjørnov.

Dei to platedebuterte som Dollie i 1980, men «oppgraderte» til Dollie de Luxe, som var namnet på den spellemannsnominerte plata deira som kom ut i 1984.

Årets høgdepunkt var då dei representerte Noreg i Eurovision Song Contest i Luxemburg med songen Lenge Leve Livet.

Benedicte Adrian (t.h) og venninna Ingrid Bjørnov i duoen Dollie de Luxe vann den norske finalen i Melodi Grand Prix med Lenge leve livet.

Det vart ein fin femteplass på Noreg, medan Sverige henta heim sigeren med klassikaren Diggi-Loo Diggy-Ley.

– Livet mitt med Dollie de Luxe var det viktigaste for meg, og det var manageren vår, Ole Sørli, som staka ut kursen. Men eg ser ikkje for meg livet utan barndomsvenninna og duo-partnaren min, Ingrid. Ho var nok den aller viktigaste for meg. Mor og far kom i bakgrunnen, men eg visste alltid at dei var der for meg.

Kate Bush, ABBA og Amadeus

1980-talet var gylne tider for både svensk og norsk musikk, og Benedicte Adrian fekk med seg kva som skjedde.

– Vi høyrde rykte om eit norsk band som heitte a-ha, som prøvde seg i England, men det var først året etter at dei verkeleg slo til.

Elles høyrde ho på Kate Bush, som gav ut si fjerde plate The Dreaming to år i førevegen, og ABBA, som hadde gitt ut sitt siste album eit par år før.

Ho las klassiske skodespel av Ibsen og På gjengrodde stier av Knut Hamsun. Pen på kinolerretet gjekk det òg i musikk, med Prince i spelefilmen Purple Rain og den biografiske musikkfilmen Amadeus.

– Sistnemnde gjorde uutsletteleg inntrykk, og eg anar ikkje kor mange gonger eg har sett den sidan.

Atomtrussel og aids

Sjølve 20-årsdagen 22. oktober 1983 kan ho ikkje hugsa, men mykje anna har festa seg.

– Eg hugsar at det var «den kalde krigen» mellom aust og vest, at aids var ein ny og skremmande trussel mot folkehelsa, og at «jappetida» førte med seg at folk kjøpte magnumflasker med sjampanje på restaurantane. Enkelte stader fekk dei plakettane med namnet sitt hengt opp på restaurant-veggen når dei gjorde det. (Nokre år seinare kom dei tilbake og bad om å få namnet sitt plukka ned…), mimrar ho.

– Sukkertøy-rosa var fargen som trumfa alle andre akkurat då, og fastfood med McDonald’s i spissen festa sitt relativt nye grep om ungdommen.

Jula 1983 vart feira heime hos mor og far, saman med dei to brørne og katten Nussi, som vanleg.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg var full av draumar, og lærte etter kvart at ingenting skjer av seg sjølv. Alt er opp til deg!

Lytt til deg sjølv!

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg trur eg ville sett ei sjølvsikker men sårbar jente med store draumar. Ei som kanskje ikkje hadde forstått kor viktig det er å lytta til si eiga indre stemme, ikkje til alle andre.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Ingen timar du legg ned i draumejobben er bortkasta, sjølv om mykje hamnar i søppelkorga. Alt er læring. Vit at du skal halda fram og læra heile livet. Det er ikkje slutt før det er slutt. Hald fokus på kvar du skal, og ikkje bry deg om kva folk synest. Dei er ikkje deg og skal ikkje dit du skal.