Då eg var 20: Herborg Kråkevik spelte kabaret i skjul

Herborg Kråkevik skreiv på debutførestillinga og feira Nei til EU då ho var 20.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Eg var enormt romantisk og levde i ei slags draumeverd, der eg kunne henta ned forteljingar og songar ifrå, lett som ingenting.

Det skriv Herborg Kråkevik om då ho var 20.

Kråkevik har i desember vore å sjå i NRK-programmet 24 stjerners julekalender. Ho har dessutan gitt ut den tiande utgåva av juleheftet Juleroser. Aller mest kjend er ho som songar og skodespelar.

Gjekk på skodespelarskule

Kråkevik fylte 20 år i romjula 1993. Då hadde ho nettopp lagt bak seg ei rekke med juleførestillingar saman med den dåverande kjærasten hennar, Kenneth Sivertsen. Det var deira første kabaret, Jul i alle kanalar, som gjekk på Zachariasbryggen i Bergen.

– Det vart ein stor suksess og min debut på humorscena, skriv Kråkevik i ein e-post til Framtida.

Det skuleåret pendla ho mellom Bergen og England, der ho gjekk på Guildford School of Acting. Det var ikkje lov til å arbeida medan ein gjekk på skulen, og ho måtte difor halda arbeidet hemmeleg for britane. Det vart vanskelegare og vanskelegare, skriv Kråkevik.

Hemmeleghaldet var verdt det. Den nationale scene leitte i dei dagane etter nokon som kunne spela Eliza Doolittle i My Fair Lady, og etter at fleire ved teateret hadde sett Kråkevik på scena, fekk ho tilbod om rolla som Doolittle.

– Så ein kan trygt seia at 1994 starta bra for meg, slår ho fast.

Kaldt og mørkt

Kvardagen i England baud på lange dagar på musikalskulen, som låg i Guildford i Surrey.

Kråkevik budde på hybel i lag med tre andre jenter. Der hadde dei tilgang på varmt vatn og elektrisk ljos i tre timar om morgonen, og frå klokka 18 til 22 om kvelden. Elles var det kaldt og mørkt og lite sol, minnest Kråkevik.

– Eg hadde funne mine to beste vener i det engelske livet: Jason, som eg gjekk på skule med, og Lydia, ei gammal dame som hadde vore gift med ein norsk admiral og budd i Noreg og Etiopia. Ho er til dags dato det mest originale mennesket eg har møtt – og eg var kjærasten til Kenneth Sivertsen, så eg hadde litt å samanlikna med …

Etter kvart vart pendlinga til Noreg umogleg å kombinera med skulegangen. Kråkevik valde difor å seia frå seg plassen og flytta heim til Bergen i juni i 1994. Same sommar spelte ho sommarkabaret i Kristiansand.

Scene og musikk

Gjennom heile 1994 jobba Kråkevik med debutførestillinga hennar, Haugtussa, som vart sett opp året etter. Førestillinga var basert på dikt av Arne Garborg. Samstundes laga ho musikk til albumet Mi Haugtussa, som kom ut på CD – og kassett! – i 1995.

– Det største eg fekk oppleva med den førestillinga, er at eg gjestespelte på Det norske teatret, og dermed vart det det fyrste skikkelege teateret eg fekk opptre på. Det var ei heilag oppleving for meg!

Cover: Norsk Plateproduksjon

Björk var lydsporet

Sidan ho jobba med Haugtussa, las ho mykje Arne Garborg det året. Men ho las også Herbjørg Wassmo med stor lidenskap. Først trilogien om Tora, og så Dina.

– Eg var heilt oppslukt av den boka, og grufullt sjalu på Gørild Maurseth, som alle trudde skulle spela rolla på film. Når det seinare vart Maria Bonnevie, var det litt lettare å bera, men ikkje lett.

Ho las også Om kjærlighet og skygge av Isabel Allende, og fann mykje av den fantastiske verda frå Dina att i den boka.

Ho høyrde på musikken til dei store heltane Kari Bremnes og Bjørn Eidsvåg, men det var albumet Debut av Björk som utgjorde det viktigaste soundtracket til dagane hennar.

– Det var uendeleg stort for meg!

Men det var teater som var det aller største.

– Eg såg alt eg kunne få billett til og hadde tid til, skriv ho.

Kjende på prestasjonsangsten

Som eit ungt stjerneskot hadde Herborg Kråkevik vent seg til å vera «overraskande god til å vera 19 år». Men då ho vart 20, byrja ho å kjenna på prestasjonsangsten.

– På 20-årsdagen min hugsar eg at eg tenkte: No er du 20, no må du jo faktisk prestera! No følte eg at eg var vaksen og burde vera skikkeleg god, minnest ho.

Heldigvis hadde ho dyktige folk rundt seg som ho saug til seg lærdom frå: skodespelarar, musikarar, forfattarar og produsentar. Og snart skulle ho møta songlærarinna Bitta Østvold, som skulle verta klippa hennar.

Elles var dei viktigaste menneska i livet hennar broren Bård og foreldra – og det er dei også framleis. Dessutan tok kjærasten Kenneth stor plass i livet, fortel ho.

Røysta nei

1994 var året då Noreg røysta over EU-medlemskap, og det er ei hending som festa seg tydeleg i minnet til Kråkevik. Ho hadde opptredd på valvaka til Nei-sida saman med Jon Eikemo og Kenneth Sivertsen, og dei gjekk og feira gjennom Oslo, frå aust til vest.

– Eg hugsar korleis det vart mørkare og mørkare i alle hus og bygardar. På vestkanten var det ikkje feiring. Eikemo budde på vestsida, og eg hugsar det einaste ljose vindauget i bygarden var hos familien hans, fortel Kråkevik.

Sjølv var ho også engasjert i miljøsaka, og ho var medlem i Framtiden i våre hender. Ho hadde vore med og arrangert demonstrasjonar mot privatbilisme og flytrafikk då ho gjekk på gymnaset i Bergen.

Difor var det ekstra pinleg for henne at ho byrja å ta fly og køyra så mykje bil, fortel ho.

– Litt flau og litt stolt

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg ville nok kanskje tenkt at ho der er temmeleg sjølvoppteken! Men eg ville også vorte misunneleg på den reinleiken eg hadde i sinnet mitt og tiltrua eg hadde til andre menneske. Og imponert over arbeidskapasiteten hadde eg nok også vorte. Eg vert alltid både litt flau og litt stolt når eg les sitat frå intervju eg gjorde på denne tida.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Eg ville ha råda meg sjølv til å passa litt betre på meg sjølv og ikkje ta så stort ansvar for andre vaksne folk eg hadde rundt meg. Og så ville eg sagt til meg sjølv: Nyt det du opplever no, det kjem aldri tilbake!

Ho ville også ha oppmoda seg sjølv om å få barn når ho møtte den rette mannen.

– Det er det største i livet! Det hadde eg inga tru på i denne tida, fortel Kråkevik.