Kvitebjørn: – Hamnar i den kategorien filmar eg heilhjarta kan anbefale
Animert storfilm som er verdt turen, men er dialekter frå utanfor Oslo verkeleg så skumle? spør meldar Jenny Lund.
Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.
Å sjå handteikna animert norsk langfilm er ein sjeldan luksus som eg alltid er svolten på, så då eg fann ut at eit av mine favoritteventyr skulle få nettopp denne behandlinga vart eg svært begeistra.
Kvitebjørn
Liv (Kristine Kujath Thorp) bur i ein dalbygd saman med den vesle familien sin, forsørga av bestefaren (Odd Nordstoga).
Kvitebjørn
Noregspremiere: 25.12.2024
Aldersgrense: 6 år
Sjanger: Eventyr, animasjon, familiefilm
Speletid: 1t 25m
Avlingane har slått feil dei siste par åra, og storbonden forventar alle mann på dekk. Liv er derimot langt meir opptatt av verda utanfor med sine plantar og dyr.
Då ho møter den mystiske, men snille Kvitebjørn (Gunnar Eiriksson), tek ho sjansen på å forlate heimen saman med ham. Den svære bjørnen held likevel på nokon hemmelegheiter, og når den vonde dronning Eira (Ingvild Holthe Bygdnes) kjem etter han vert det nye venskapet sett på prøve.
Animert storfilm
I denne tolkinga er Liv, i motsetning til jenta i det originale eventyret, inga prinsesse. Eg er ganske begeistra for dette valet, då det gjer ho meir relaterbar for dei fleste sjåarar.
Manusforfattar Maja Lunde, som også skreiv teikneserieromanen filmen baserer seg på, avsluttar også Liv si forteljing med eit særleg fint poeng om dette. Ho er likevel ein protagonist støypa i Disney-forma – evig nysgjerrig og bestevenn med kvart einaste dyr ho kjem over.
Det er noko herleg klassisk over stilen her, og eg tok meg til å tenkje på eit kjært minne frå eigen barndom, nemleg den danske animasjonsserien H.C. Andersens eventyr.
Landskapa er spesielt flotte, og dyra som vandrar rundt er animert med flott detalj i forhold til korleis deira ekte slektningar oppfører seg.
Eg var litt usikker på det visuelle då eg først såg bilete frå filmen, men det tok ikkje lang tid før eg vart ganske glad i det visuelle uttrykket. Å få sjå norsk natur og arkitektur gjenskapt i denne forma er rett og slett skikkeleg stas!
Prat og song
I og med at dette er ein nynorsk avis, må eg tillate meg sjølv å komme med mi store klage over norskspråkleg animasjonsfilm:
Kvifor kan med ikkje få ein hovudkarakter som ikkje er teke rett frå Youngstorget? Er dialekter utanfrå Oslo verkeleg så skumle?
Misforstå meg ikkje: Eg er verkeleg glad i Kristine Kujath Thorp som skodespelar, og ho leverer bra som stemmeskodepelar her.
Eg synest berre at det hadde passa godt med ein litt meir landleg dialekt, spesielt sidan forteljinga ser ut til å vere sett til eit par århundrar sidan. Det at bestefar, spela av dialektprisvinnar Odd Nordstoga, har ein så herleg brei Vinje-dialekt, gjer det nesten litt komisk.
Nordstoga har også laga songar til filmen. Om ein ikkje allereie tenkte på Disney sin gullalder av å sjå på bileta, er dette ein musikal! Sjølv om eg ikkje førestiller meg at Kvitebjørn vil vere eit fast innslag på Spotify-kontoen min, passar kvar av dei godt inn i filmen. Dei leikar seg med ulike stemningar og kjensler samtidig som dei førar handlinga vidare, som jo nettopp er det musikken i ein musikal skal.
Båe songane og det generelle ljodsporet av Ginge Anvik er nydeleg framført av Kringkastingsorkesteret, og tidvis vert det nesten magisk. Spesielt ein scene der Liv rir gjennom naturen på Kvitebjørn slo meg som skikkeleg vakker, eit augeblikk der musikk og bilete får jobbe saman utan behov for dialog.
Barnefilm på godt og vondt
Eg må alltid ta ein runde med meg sjølv for å vere sikker på at eg ikkje kritiserer barnefilmar for å vere barnevenlege, då det er passe lite konstruktiv kritikk å kome med. Samtidig har eg eit godt knippe barne- og familiefilmar som er blant mine absolutte filmfavorittar, uavhengig av aldersgrensa. Eg tenkjer derfor at eg har den same retten til å vere kritisk til barnefilm som eg er til anna film, og eg held dei til den same standaren. Om kritikken min er relevant for deg som eventuelt les meldinga for å sjå om du vil la barnet ditt dra på kino, må du bestemme sjølv.
Med det sagt, er det ikkje alle endringar frå det klassiske eventyret eg er heilt med på, og ein del av dette handlar om korleis konflikten går for seg.
Medan kampen mellom heksa og hovudkarakteren i eventyret er eit slags spel om kløktigheit, følar eg at filmatiseringa legg litt for mykje vekt på at viss ein er snill og grei så går det bra. Tilgiving kjem fort og smertefritt, og Liv sine dyrevennar er ofseleg praktiske å ha.
Eg veit at me for det meste ikkje sluttar desse forteljingane med valdeleg straff av dei som har vore vonde lenger, men eg lurar litt på om verdien av å lære ungar om å tilgi kvarandre skal vege så mykje tyngre, enn det å lære at å skade andre har konsekvensar. For all del, eg meiner ikkje at vald og daud treng å vere svaret, men eg hadde ikkje sagt nei til eit lite stikk av straff.
Ekorn og Pinnsvin
Eit anna grep som eg tenkte litt over var valet om å ha to av Liv sine dyrevener, Ekorn og Pinnsvin, som bifigurar. Dei to følgjer bak ho då ho legg ut på eventyr, og utan dei hadde ting ikkje enda så godt for verken Liv eller Kvitebjørn. Trass i kor søte og morosame dei er, kunne eg ikkje riste av meg kjensla av dei var med mest fordi det har blitt ein slags trope å ha små ‘sidekicks’ i animasjonsfilmar. Med 85 korte minutt er det ikkje som om Kvitebjørn har behov for å spe ut forteljinga, og eg følar at fokuset på desse små sidekarakterane tek fokuset litt vekk frå hovudhandlinga.
Liv og Kvitebjørn har allereie eit forhold som det er spennande å sjå utvikle seg, og eg hadde ikkje hatt noko i mot å sjå dei begge få enda meir kjøtt på karakteriseringsbeinet.
Samtidig kan eg forstå appellen: Barn er jo ganske glade i søte, små skapningar.
Kvitebjørn hamnar pent i den kategorien filmar eg heilhjarta kan anbefale til båe barn, foreldre og animasjonsentusiastar, samtidig som eg følar han har eit potensial som går noko uoppfylt.
Filmen er på sitt beste då han lar seg sjølv vere litt vill, byksande gjennom den nydeleg teikna naturen med KORK sine felespelarar i full sving, men han er jammen ikkje gale elles, heller.
Terningkast: 4