Vekas viktigaste: Syklon, valdtektsdom og «Ibelin»-pris
Kollasj av Framtida.no. | Foto: UIISC7/Securite Civile via AP, AP Photo/Lewis Joly, Javad Parsa / NTB
Les deg opp på nokre av sakene som har prega nyheitene den siste veka.
Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Aust-Afrika råka av dødeleg syklon
Den franske øya Mayotte vart førre helg treft av ein syklon som har ført med seg enorme øydeleggingar. Mayotte ligg vest for Madagaskar i Det indiske havet, og er eit fransk departement og oversjøisk region.
Store delar av øya er utan kommunikasjon, vegar er øydelagde og sjukehuset og flyplassen har fått store skadar.
Syklonen Chido bevegde seg vidare mot fastlandet, og per 18. desember er 45 personar stadfesta døde i Mosambik og 13 personar i Malawi, ifølgje FN.
Så langt er 22 personar stadfesta omkomne på Mayotte, men fordi styresmaktene reknar med at det er kring ein fjerdedel ulovlege innvandrarar på øya fryktar dei det er fleire tusen. Ifølgje Røde Kors var det torsdag om lag 100 000 personar det ikkje var gjort greie for. No fryktar styresmaktene på Mayotte svolt, sjukdom og meir kriminalitet etter syklonen, melder NRK.
Slik såg det ut etter at Mayotte vart råka av den verste syklonen i området på nesten eit hundreår. | Foto: UIISC7/Securite Civile via AP
Israel vil dobla busettingar i Syria
Israelske styresmakter har godkjent planar om å utvide busettingane på Golanhøgda. Golanhøgda ligg i Syria, men har vore okkupert av Israel sidan 1967. I 1981 annekterte Israel området, som vil seie at dei har erklært det som sitt. Det er om lag 20 000 israelske busettarar i området i dag. Annekteringa av Golanhøgda strir med folkeretten. No vil Israel doble busettingane.
Israelske styrkar har òg teke seg inn i buffersona mellom Israel og Syria som blir overvaka av FN. Dei har angripe hundrevis av mål i Syria etter at Assad-regimet vart styrta førre veke. Israel grunngjev åtaka med krigen og den nye fronten i Syria, skriv NTB.
Ein syrar viftar med eit kvitt flagg mot israelske soldatar som har tatt over ein forlatt syrisk militærbase nær grensa til Israel. | Foto: AP Photo/Hussein Malla
Dom i fransk massevaldtektssak
Torsdag kom dommen i massevaldtektssaka i Frankrike. Dominique Pelicot (72) vart dømt til 20 år i fengsel. Han er dømd for å ha dopa ned og valdteke kona Gisèle Pelicot (72). I tillegg arrangerte han overgrep mot kona av andre menn som han rekrutterte via Internett.
Gisèle skal ha blitt valdteken rundt 200 gonger mellom 2011 og 2020. Ho var ikkje sjølv klar over at det skjedde. Politiet fann videoar av overgrepa etter at den dåverande ektemannen blei tatt for å fotografere under skjørta til kvinner på ein supermarknad.
50 andre menn er òg dømde til mellom tre og 15 år i fengsel.
Gisèle valde å sta fram og insisterte på at saka blei ført for open rett. Ho ønsker å hjelpe andre kvinner som har blitt usette for seksuelle overgrep, skriv Reuters.
Dominique Pelicot erkjente i september straffskuld og innrømma at han var ein valdtektsmann, skriv VG.
Gisèle Pelicot snakkar med pressa på veg ut av retten i Avignon i Sør-Frankrike 19. desember. | Foto: AP Photo/Lewis Joly
38 personar drepne i Noreg i 2024
Ei oversikt frå Aftenposten syner at 38 personar er drepne i Noreg så langt i år. Desse er fordelt på 31 drapssaker. Over halvparten av offera blei drepne av nokon i nær relasjon, kjem det fram i Aftenposten sine undersøkingar.
I 2023 var det fleire drap i Noreg enn på ti år, med 38 offer i 35 drapssaker. Kripos frykta i slutten av mars, etter at 20 personar var drepne, at 2024 ville få enda fleire drap. Etter nokre månader med færre eller ingen drap, vart fem personar drepne i desember.
Politiet gjer undersøkingar i ein bustad og eit område i Gjerdrum etter at ei kvinne vart funnen drepen. | Foto: Javad Parsa / NTB
Pendlarbustad-dom
Espen Teigen er dømt til ni månader fengsel for grovt bedrageri etter pendlarbustadsaka. Han er tidelgare politisk rådgjevar for Sylvi Listhaug (FrP) og skal ifølgje tiltalen ha lurt til seg pendlarbustad som han ikkje hadde krav på. Teigen skal ha spart rundt 400 000 kroner på det.
Teigen erkjente straffskuld og har uttalt at han ønsker å ta ansvar for ein feil han som 23-åring gjorde som fersk politisk rådgjervar.
Aktor bad om elleve månader fengsel, men han vart dømt til ni månader.
Teigen, som i dag er journalist for Document.no, skriv på X at han skal diskutere med forsvararen om han vil anke dommen.
Espen Teigen var tidlegare politisk rådgjevar for Sylvi Listhaug. No er han dømt for grovt bedrageri i samband med pendlarbustadsaka. | Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Mads hadde ein muskelsjukdom og døydde 25 år gamal. Familien trudde han hadde levd eit einsamt liv, men oppdaga etter at han var død dei sterke venskapa han hadde i spelet «World of Warcraft».
Mads "Ibelin" Steen døydde av ein muskelsykdom då han var 25 år gammel. Etter at det i år kom ein dokumentarfilm om livet hans, har han og familien blitt kåra til «årets namn» i VG. | Foto: Medieoperatørene / handout / NTB
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.