Presidenten uttalte blant anna at all politisk aktivitet var forbode. Det inkluderte både nasjonal og lokal politikk, frå parlamentet til lokale råd. Møte og demonstrasjonar var også forbode.
Grunngjevinga til presidenten var at det var nordkoreanske koplingar i opposisjonspartiet, Det demokratiske partiet, som forsøkte å undergrave staten. Dette partiet har fleirtal i parlamentet etter at regjeringspartiet, det konservative Folkemaktspartiet, tapte i parlamentsvalet i april.
Tysdag kveld og natt til onsdag var det konfliktar mellom militæret og sivile. Militæret forsøkte å bryte seg inn i nasjonalforsamlinga, men vart stoppa av folkevalde, tilsette og politiet. Fleire vanlege innbyggjarar deltok også i demonstrantar mot militæret.
Under krisemøtet natt til onsdag stemte alle 190 frammøtte av i alt 300 representantar i nasjonalforsamlinga for å oppheve unntakstilstanden. Etter det sa presidenten ja til å oppheve unntakstilstanden.
No krev regjeringspartiet at presidenten melder seg ut av partiet. Opposisjonspartiet meiner det ikkje er nok, og har lagt fram forslag om at Yoon Suk-yeol skal stillast for riksrett, noko dei skal stemme over laurdag. Regjeringspartiet har sagt dei vil forsøke å blokkere forslaget.
Demonstrantar mot president Yoon Suk-yeol i Seoul i Sør-Korea. | Foto: AP Photo/Lee Jin-man
Ny abortlov i Noreg
Eit fleirtal i Stortinget stemte for det nye abortlovforslaget på tysdag. Den tidlegare abortlova vart innført i 1975 og har ikkje vore endra sidan då.
Grensa for sjølvbestemt abort aukar frå veke 12 til veke 18 i svangerskapet.
Nemndene frå veke 12 til 18 blir fjerna.
Nye nemnder skal vurdere søknader etter veke 18. Desse skal ha eit fleirtal av kvinner.
Fosterreduksjon, også kalla tvillingabort, blir sjølvbestemt. Dette blir i dag bestemt av nemnd.
Retten til rettleiing, informasjon og oppfølging frå kommunal og regional helseteneste blir lovfesta.
Reservasjonsrett for helsepersonell mot å gjennomføre abort blir lovfesta.
Regjeringa skal evaluere lova etter fire år.
Framstegspartiet, Høgre og Senterpartiet fristilte representantane sine då dei skulle stemme over forslaget. Det vil seie at kvar enkelt kunne stemme ut frå eige synspunkt, utan omsyn til partiet sitt.
Itula har ikkje akseptert valet. Han stiller spørsmål ved valprosessen, og partiet hans vil utfordre om valresultatet er gyldig i domstolane. Ifølgje opposisjonspartiet var det fleire som stod i kø i opp til 14 timar, som så måtte gå heim fordi det ikkje var nok stemmesetlar.
Nandi-Ndaitwahhar har fram til no vore visepresident, og er ein del av regjeringspartiet South West Africa People’s Organisation (Swapo). Swapo har regjert i Namibia sidan landet vart uavhengig i 1990. Partiet heldt fast på fleirtalet i nasjonalforsamlinga i valet.
Netumbo Nandi-Ndaitwah er den første kvinnelege presidenten i Namibia. | Foto: AP Photo/Dirk Heinrich
Rekordlåg måling for Arbeidarpartiet
I ei ny måling frå TV 2 er Frp det største partiet i Noreg med ei oppslutning på 24,1 prosent, med Høgre på andreplass med 23 prosent. Arbeidarpartiet fell til 16,5 prosent.
Dette er den siste i ei rekke målingar der regjeringspartiet har gjort det dårleg, og har ført til diskusjonar om Jonas Gahr Støre er eigna som partileiar.
Ifølgje VG skal fleire sentrale arbeidarpartipolitikarar ha bede Støre om å trekke seg, slik at det kunne vere klar ein ny leiarkandidat i god tid før landsmøtet i april.
Nestleiar Jan Christian Vestre, arbeidsminister Tonje Brenna og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har gått ut og sagt dei støttar Støre som partileiar og statsminister. LO-leiar Peggy Hessen Følsvik har også annonsert støtte til statsministeren.
Av 15 fylkesleiarar er det ifølgje VG fire som gir aktiv støtte til Støre, medan ti let vere å svare.
Statsminister og Ap-leiar Jonas Gahr Støre deltek på gruppemøtet til Ap si stortingsgruppe 4. desember. | Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Mistillit feller den franske regjeringa
Den franske regjeringa vart kasta av nasjonalforsamlinga då 331 av 570 representantar onsdag stemte for eit mistillitsforslag. Det vil seie at regjeringa med statsminister Michel Barnier er oppløyst etter berre tre månader ved makta.
Det var ein koalisjon av forskjellige venstrepartia som gjekk saman om mistillitsforslaget. Ytre høgre-partiet Rassemblement national (Nasjonal samling) under Marine Le Pen stemte også for mistillit.
No må president Emmanuel Macron finne ein ny statsminister han kan fremje.
Den franske statsministeren Michel Barnier fekk applaus frå ministrane sine og fleire i parlamentet då han vart avsett. | Foto: AP Photo/Michel Euler
✨Lyspunkt✨: Notre Dame er restaurert og klar til opning
Fem år etter brannen i Notre-Dame i Paris, er den gotiske katedralen restaurert og klar for å bli opna i helga.
Kyrkja er eit viktig kulturhistorisk fransk symbol, og ifølgje Le Monde er rundt 50 statsoverhovud og regjeringar venta til opningsseremonien.
Over 2000 handverkarar har bidrege til restaureringa, og gjort sitt beste for å bevare dei historiske kunstverka i bygget. Bygginga av Notre-Dame starta i 1163, og har blitt endra og restaurert mange gongar sidan då.
Notre-Dame er restaurert etter brannen i 2019. | Foto: Stephane de Sakutin, Pool via AP
Vil du få Vekas Viktigaste rett i innboksen?
Nyheitsbrevet kjem fredag morgon. Dersom du vil at vi skal fjerne deg frå lista er det berre å klikke på avabonner nedst i e-posten.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.