Då eg var 20: Hallvard Flatland gjekk lærarskulen, men drøymde om media
Hallvard Flatland tok eit kynisk val då han byrja i NRK, og angrar ikkje.
– Eg var veldig målbevisst på målet om eit liv innan media, minnest Hallvard Flatland om seg sjølv som 20-åring.
Flatland har i desse dagar vore aktuell i 24-stjernes julekalender på NRK, men det er langt frå debuten hans på TV. 67-åringen er ein kjend programleiar, og var ein av grunnleggjarane av TV Norge. Han stod bak gameshowet Casino, som var spesielt populært på starten av 90-talet.
For 20 år gamle Flatland var den største frykta å ikkje skulle få jobb i NRK. Trass i at media var draumen, gjekk han på Notodden lærarskule.
– Eg tok lærarskulen for å ha ei utdanning i «botn». Men heilt sidan eg var sju, var eg fast bestemt på at radio og TV var mi framtid.
Det gode liv
Dagane som 20-åring gjekk elles med til å spele fotball, biljard og bridge. Flatland vedgår at han kanskje hadde litt for mange fritidsaktivitetar i periodar.
Det gode liv med dei andre studentane på Notodden, er det sterkaste minnet hans frå den tida. Venene frå lærarskulen møtest framleis med ujamne mellomrom.
– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?
– Eg kan ikkje hugse nokon spesiell person, men livet på hybel på Notodden opna for eit svært sosialt liv oss studentar imellom. Berre spør handballpresidenten Kåre Geir Lio. Vi hadde mykje moro saman.
Alt handla om sport
Flatland vart 20 år i 1977, og han hugsar at det var mykje som hende i verda det året.
– Først og fremst så døydde Elvis. Men elles så vart Jimmy Carter president i USA, for ikkje å gløyme at Star Wars hadde premiere, minnest han.
Programleiaren var ikkje spesielt oppteken av musikk, men såg, ikkje overraskande, ein del på TV.
– Dette var tida for Fleksnes og Derrick, som «alle» såg på. Men for min del handla «alt» om sport (då som no).
Tok eit kynisk val
Frykta for å ikkje få jobb i statskanalen, skulle vise seg å vere grunnlaus. Frå 1981 starta Flatland nemleg som travkommentarar for NRK, og han var mellom anna programleiar for sendingane frå Lillehammer-OL i 1994.
Om han kunne gitt eit råd til den 20-årige versjonen av seg sjølv, hadde det vore å køyre på, og ikkje sjå seg til sidene.
– Og du vil nå målet. I utgangspunktet snakka eg kav Vest-Telemark-dialekt. Men eg innsåg tidleg på 80-talet, då eg byrja i NRK, at nokon ny Bjørge Lillelien ville eg ikkje bli – om eg heldt på dialekten. Så eg tok eit kynisk bokmålsval, og det har eg aldri angra på. Tvert imot faktisk, skriv Flatland på nynorsk til Framtida.no.
Heller ikkje jula det året han var 20 har sett spesielle spor.
– Men eg var heilt sikkert heime hos foreldra mine i Flatdal. Juleribba var det siste eg ville gå glipp av.