«Brain rot» er årets ord i Storbritannia
Har du nokon gong følt at intelligensen din er i ferd med å rotne? Då kan du ha opplevd «brain rot» – som er kåra til årets ord i Storbritannia.

Omgrepet blir ofte brukt av unge for å beskrive nokon som viser symptom på å ha sett for mykje trivielt og lettfatteleg innhald på internett.
– Ekspertane våre la merke til at «brain rot» vart mykje brukt i år som eit omgrep om verknaden av å konsumere for stor mengder innhald av låg kvalitet, særleg i sosiale medium. Omgrepet auka med 230 prosent i bruksfrekvens mellom 2023 og 2024, skriv Oxford i grunngivinga.
Den første registrerte bruken av «brain rot» er i boka «Walden: Livet i skogene» av David Thoreau frå 1854.