Då eg var 20: Einar Nilsson selde antikvitetar og vakta seg for alligatorar

Då Einar Nilsson var 20, ville han bli den beste gitaristen av alle. Men tilfella ville ha det til at han oppdaga ein annan lidenskap.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 02.12.2024 10:12

Einar Nilsson (60) er i desse dagar å sjå i 24 stjerners julekalender på NRK. Han er nok mest kjent som målar i oppussingsprogrammet Tid for hjem på Tv 2. Han vann også Skal vi danse i 2018.

Nilsson fylte 20 år i 1984. I ein e-post til Framtida skriv han at han hadde ei enorm utferdstrong, og at han ville fortast mogleg vekk frå kjende omgjevnader. Bergen vart for lite.

Nilsson hadde gløymd å søke på skular, så medan fleire av venene hans reiste på folkehøgskular over heile landet, hadde unge Einar ekstrajobb i Posten.

Nilsson spelte mykje gitar, og drøymde om å reise til Amerika for å bli supergitarist. Han søkte på forskjellige au pair-jobbar, og gjennom jobbsøkinga kom han i kontakt med eit gammalt ektepar som dreiv ein antikvitetshandel i Pensacola i Florida.

Nilsson fekk jobb i butikken mot kost og losji, i tillegg til ei lita betaling. Fem dagar etter at han fylte 20, reiste han altså til USA.

Frå paraplyar til kvite strender

Nilsson var innlosjert i eit stort hus like ved «the bayou», altså ei brei elv.

– Det var alligatorar der, så symjing var ikkje tilrådd, fortel han.

Nilsson var sjåfør, rydda i hagen (som var stor som ei lita fotballbane), og passa butikken når ekteparet tråla sørstatane etter endå fleire antikvitetar.

– Eg vart kjent med mange folk i byen, spelte i band med nokre karar, lærte å surfe i bølgene på dei kritkvite strendene i Mexicogolfen. FOR ein skilnad frå høljregn og vrengde paraplyar i Bergen! skriv Nilsson.

Arbeidet han treivst best med, var å reparere og sette i stand gamle møblar.

– Eg følte meg nyttig, og livet var spennande, skriv han.

Møtet som endra alt

Nilsson var mest innstilt på å bli musikar. Han ville bli den beste studiogitaristen av alle.

– Dette var nok mest berre ein draum. Og inni hovudet høyrde eg stemma til mormor: «Du må finne deg et håndverk, Einar, noe du kan leve av; skape noe! Da har du alltid til salt i grøten». Så eg tenker at eg var ganske open for kva som kunne dukke opp, fortel han.

Einar Nilsson. | Foto: Privat

Og plutseleg ein dag var det noko som dukka opp.

Det kom ein mann inn i antikvitetshandelen, som dreiv med «fine interior decoration, mainly wall coverings». Dei to kom i snakk og fekk god kontakt.

Nilsson vart svært interessert i det han dreiv med, og mannen enda opp med å lære tapetserfaget vidare til Nilsson.

Lærte å skryte

Einar Nilsson fortel at han då han var 20 år gammal, hadde ei innstilling om at alt han gjorde og lærte, skulle han kunne bruke seinare. Han var open for inntrykk og innspel.

– Eg er jo ein som blir begeistra og entusiastisk om noko inspirerer meg, skriv han.

Medan han var i Amerika, vart fleire av venene hans heime bekymra. Dei meinte han måtte komme seg heim og få seg utdanning. Dei vart godt imponerte då han enda opp med spesialisering og sertifisering i tapetserfaget. Han kom heim etter to år i Florida og starta si første bedrift: Kustom Tapetsering, kalla opp etter omgrepet «custom made».

– Eg, som hadde lært å skryte i USA, gjekk til avisene då eg kom heim, og fekk dei til å lage store artiklar om meg: «Tapetkunstneren hjemvendt fra Florida, klar for å tapetsere i Norge», med store bilete av ein glisande Einar.

Jul i Florida

20-årsdagen feira Nilsson i kollektivet han budde i i Bergen. Han inviterte nokre gode vener på middag og laga lever i fløytesaus etter Ingrid Espelid Hovig si oppskrift. Så vart det fyrstekake til dessert.

– Dette var signaturrettane mine på denne tida. Så fauk vi på byen og dansa og hadde det svært så kjekt, hugsar han.

Jula feira han derimot i Florida, med husvertane hans og familien deira.

Denne annonsa stod på trykk i Bergens Tidende i 1986. | Faksimile: Bergens Tidende

– Det var nok litt rart at julaftan ikkje var sjølve jula, men meir som ein «dagen før dagen», sidan amerikanarane feirar 1. juledag. Men hyggeleg var det uansett, slår han fast.

A-ha og Michael Jackson

I USA oppdaga Nilsson også gleda av å ha mange tv-kanalar. Kontrasten var stor til stova heime, der dei berre hadde NRK. Nilsson elska å sjå på MTV, og kunne fylle all den ledige tida med å sjå dei nyaste musikkvideoane til favorittartistane hans.

– Dette var året Michael Jackson gav ut Thriller, Van Halen med Jump, og våre eigne A-ha kom med Take on Me. Giss om eg var stolt over dét! skriv han.

I tillegg høyrde han mykje på Dire Straits, Jeff Beck, Stevie Wonder og Steely Dan.

Elles hugsar han frå nyheitene at den norske Ap-politikaren og embetsmannen Arne Treholt hadde spionert for Sovjetunionen.

– Det var ikkje til å tru! Dette var jo under den kalde krigen, og Sovjet var ein stor del av trugselbiletet i vår del av verda, skriv han.

Samstundes var frykta for atomkrig ganske sterk. Og då Tsjernobyl-ulukka hende i 1986, lurte Nilsson på korleis det skulle gå med verda.

Lærte å snikre og snakke spansk

På eit meir personleg plan var Einar Nilsson bekymra for at han ikkje skulle ha nok arbeid. Jappetida tok etter kvart slutt, folk fekk dårlegare råd, og Nilsson måtte områ seg.

Han tok eit år på snikkarlina på yrkesskulen, og deretter tok han sivilteneste i Den internasjonale barnehagen. Der lærte han seg spansk og fekk ei sterk interesse for språk.

– No kunne eg lære av borna kva alt heiter på spansk. Hurra!

Han heldt fram med å studere spansk og latinamerikansk litteratur eit semester.

Klokkartru på eigne evner

Den viktigaste personen i livet til unge Einar var mora hans. Opphaldet i USA var første gong han var så lenge heimanfrå samanhengande, og han tenkte på mor si kvar dag.

– Dette var på ei tid då telefon var skikkeleg dyrt, så det vart lite ringing. Vi skreiv masse brev til kvarandre. Eg sakna òg venene mine, men var ganske flink til å halde kontakten med brevskriving.

– Kva ville du ha tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Det er kjekt å møte 20-åringar. Nokre av dei har den klokketrua på eigne evner som eg òg hadde i 1984; kva kan gå gale, liksom. Det er jo ein sterk energi i dette, ei drivkraft. Men sjølvsagt, det ein ikkje veit som 20-åring, har ein ikkje vondt av …

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Eg ville rådd meg sjølv til å ikkje la kjenslene styre ALT eg gjorde! Eg er jo ein kjenslevar person, og skulle nok øvd meg på å halde hovudet kaldt i enkelte situasjonar. Meir rasjonell, meir struktur. Men igjen: eg angrar ingenting!

Dei karakteristiske krøllene til Einar Nilsson var på plass allereie då han var 20. | Foto: Privat