20 år gamle Leo Ajkic var usikker på kva han eigentleg var flink til. Men han var i det minste på rett veg.
– Eg var litt stressa til tider, sidan eg ikkje fekk dei beste jobbane eller greidde å finne heilt ut av kva eg skulle studere vidare, eller kva eg eigentleg var flink til som var verdt å satse på, fortel Ajkic.
Det skriv Leo Ajkic (40) i ein e-post til Framtida.
Ajkic er for tida aktuell med serien Leo og de farlege på NRK. Bak seg har han ei lang rekke tv-produksjonar på cv-en, inkludert NRK-serien Flukt, som han fekk Fritt Ords honnørpris for.
Oppvask og musikk
Då han var 20 hadde Ajkic akkurat flytta for seg sjølv i eit kollektiv på Løvstakken i Bergen, og meldt seg på ex.phil. og ex.fac. på universitetet.
– Eg jobba vel med oppvask i kjellaren på SAS-hotellet, men brukte mest tid med vener. Eg reiste ein del rundt i landet òg, sidan vi dreiv med norsk rapmusikk, fortel Ajkic på e-post til Framtida.
Ajkic fortel at han høyrde mykje på sørstatsrap: Trick Daddy, Hot Boyz, rapparar frå plateselskapa No Limit og Cash Money Records – det folk kalla «jiggy» rap. Det gjekk også i svensk rap:
– Petter, Ken Ring, Ayo og dei folka der.
Ajkic fylte 20 i 2003, og han hugsar godt at verda var full av krig og konflikt i kjølvatnet av 9/11.
– Det var mange uskuldige som vart bomba, hugsar han.
Reiste til Bosnia
I tillegg til å reise rundt i landet, tok Ajkic med seg vener til Bosnia for å vise dei kor han kom ifrå. Ajkic og familien flykta frå Bosnia då han var sju år, på grunn av borgarkrigen i Jugoslavia.
Han har mange gode minner frå den turen, fortel Ajkic til Framtida.
Tilbake i Noreg var Ajkic si største frykt å ikkje finne sin plass i samfunnet, ein plass der han bidrog men samstundes fekk eit godt liv.
Dei viktigaste menneska i livet hans, var foreldra hans.
– Eg kan ikkje velje éin av dei, for dei har vist og bevist med handlingane sine at dei er der for meg, skriv han.
Stor heimefest
Ajkic fylte 20 den 21. november, og då var det duka for stort houseparty.
– Masse folk og høg musikk i Løvstakken. Når vi hadde festar på den tida, så kom folk for å danse, kose seg og høyre på musikk. Det var aldri noko bråk der, fortel han.
Om han hadde møtt seg sjølv som 20-åring, trur han først og fremst han ville ha reagert på klesstilen.
– Eg ville tenkt at 2XL-klede ville vore stort nok for meg. 4XL var kanskje litt for stort, sjølv om det var vår mote med store klede.
– På rett veg
Unge Leo hadde inga aning om kva han skulle bli i livet. Sjølv i dag seier Ajkic at det framleis kan hende han ender opp med å gjere noko anna enn det han driv med no.
Men om han skulle gitt eit råd til den 20 år gamle Leo, ville han ha forsøkt å senke skuldrene hans.
– No som eg veit kva som gjekk bra, ville eg kanskje berre gitt ei stadfesting på at eg var på rett veg, skriv han.