Gaute Grøtta Grav har alltid vore ein gründertype og starta sitt første selskap som 18-åring.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg hadde ikkje ein heilt klar plan då eg var 20 år. Eg har alltid hatt ein sterk motor, og vore glad i å jobba og tena eigne pengar, minnest Gaute Grøtta Grav.

Frå Jessheim til Liverpool

45-åringen frå Isfjorden i Rauma kommune slo igjennom i den norske offentlegheita allereie i 2001 då han vart den første vinnaren av reality-konseptet Farmen.

Året før var han 20 år gamal og avslutta eit fantastisk år på Romerike Folkehøgskole på Jessheim, der han gjekk saman med mellom anna Else Kåss Furuseth, Sigrid Bonde Tusvik og Henrik Thodesen.

Rett etter skuleslutt drog han vidare til England og starta på musikklinja på LIPA, Paul McCartney sin talentskule i Liverpool.

– Å få beskjed om at eg var teken ut til LIPA var stort, for det var mange om beinet og audition for å komma inn. Eg hugsar også godt at eg jobba så hardt og intenst med ei framsyning på folkehøgskulen at eg omtrent gløymde å eta og kvila på fleire månader. Det enda med at eg måtte på sjukehus, og var redusert ein periode etterpå. God lærdom i det. Etter den episoden har eg tre reglar for å fungera optimalt: «Eta sunt og regelmessig, sova nok og trena». Det har vore ei suksessoppskrift sidan.

Gründertype

Allereie i tenåra starta Gaute Grøtta Grav med radio, avis og lokal-TV.

– Media har alltid vore noko eg vart drege mot, samtidig var musikken og kunstnaren i meg sterkt framståande i 20-åra. Og så har eg denne teften for pengar då, så det å starta eige firma vart gjort rett etter at eg fylte 18 år. Eg hadde vel ein filosofi om å seia «ja» til moglegheiter som dukka opp, og heller rydda kalenderen for å få ting til, minnest han.

Skrivebordet han brukar den dag i dag vart faktisk innkjøpt i Liverpool. Gaute Grøtta Grav har nemleg alltid vore ein gründertype, og såg tidleg moglegheitene rundt internett og nettsider.

– Eg finansierte faktisk studielivet i England med å laga nettsider for diverse firma og organisasjonar i Noreg. Allereie i år 2000 var det å jobba frå heimekontor gjennomførbart for min del, med ringt opp modem frå Rodney Street i Liverpool, forklarar han.

Kids og katastrofe

På radioen i England spelte låten Kids med Robbie Williams og Kylie Minogue.

– Sidan eg gjekk musikklinja og hadde piano som hovudinstrument høyrde me på mykje ulikt, og spelte mykje rart. Men David Foster, Elton John og Billy Joel var pianistar eg fordjupa meg i, og prøvde å attskapa stilen til.

– Hugsar du kva som skjedde elles i verda? 

– To ting gjorde sterkt inntrykk på meg: Concorde-flyet som eksploderte rett etter avgang 25. juli 2000. Plutseleg var det ikkje mogleg å reisa mellom Europa og USA på under fire timar lengre. Og ikkje minst det amerikanske presidentvalet, der George W. Bush vann over Al Gore, etter at Høgsterett hadde avgjort saka etter ei omstridd teljing av stemmer. Høyrest kjent ut? Eg har lurt på om det var då ting byrja å gå riktig dårleg for det amerikanske demokratiet.

Avstand og overrasking

Den viktigaste personen i livet hans på den tida var kjærasten, som budde heime i Noreg.

– Alle som har prøvd avstandsforhold veit kva utfordringar det dreg med seg.

Og som ein av heller få Framtida.no har spurt, hugsar faktisk Gaute 20-årsdagen sin.

– Kjærasten min på den tida hadde leigd samfunnshuset og rigga til ein stor surprise-fest for meg. Det vart veldig hyggeleg, sjølv om eg ikkje likar overraskingar. Eg likar å veta kva som skal skje i forkant, slik at eg kan gle meg til det. «Blåtur» er eit konsept eg ikkje forstår at nokon kan lika. Eg hugsar også at eit par kompisar av meg byrja å slåst på 20-årsdagen min, trur det starta med at han eine prøvde kvela han andre med slipset sitt. Det var tider.

Draumen om Isfjorden

– Kva var di største frykt?

– Eg skreiv litt anynom blogg på den tida, sjølv om ordet «blogg» ikkje vart funne opp før nokre år seinare. Eg ser av tematikken i tekstane at det var mykje fokus på å «finna den rette», eg var nok litt bekymra for å enda opp åleine og barnlaus. Det sleppte eg, fasiten er fire barn, og to bryllaup.

I 2020 gav isfjordingen seg som programleiar for Farmen og flytta heim att. Der har han engasjert seg og stilte som ordførarkandidat for partiet Høgre i fjor, ein jobb han ikkje fekk.

No har han fått seg jobb som kommunikasjon- og informasjonsansvarleg i Motvind Norge, samstundes som han sit i kommunestyret for Høgre i heimkommunen.

Allereie som 20-åring var Gaute Grøtta Grav sikker på at han ville ha familie og bu i Isfjorden.

– Sjølv om eg har budd på Austlandet og utlandet i mange år, har eg alltid visst og jobba for at eg skulle heim til Isfjorden med familien. Der er eg no, og det kjennest perfekt. At eg vart i TV 2 i 20 år var ikkje planlagd. Eg prøvde å leggja 2–3 årsplanar for det profesjonelle livet, og det fungerte greitt. Det har vore mykje jobbing og på det mest hektiske har eg måtta sjå 8–9 månader fram i tid for å finna ledige luker. No er det meir fokus på eit rolegare familieliv, og sjølv om det også er hektisk på sin måte, er det eit heilt annleis stress.

Unyttige kjærleiksråd

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Talentfull fyr med mykje energi og trykk. Blir spennande og sjå kva han får til.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Den som jobbar hardt, får flaks. Og når du får den sjeldne moglegheita, må du vera på hogget og bevisa at du er meir enn god nok. Ver positiv og ta på deg oppgåver. Ver den som sjefen veit får ting gjort og som melder seg frivillig, det lønner seg alltid. Du er ikkje for god til å gjera «enkle» jobbar, svarar han, og legg til:

– Og når det gjeld kjærleiken: Eg kunne sagt mykje smart no, men det ville ikkje hatt nokon verdi: Eg har nok vore drive 100 prosent av kjensler og 0 prosent fornuft når det gjeld damer.