Omar Svendsen-Yagci (20) tek over som leiar i Unge Venstre
20-åringen vann kampvoteringa på landsmøtet mot fyrste nestleiar Hans Jacob Huun Thomsen.
Laurdag valte Unge Venstre sitt landsmøte inn 20 år gamle Omar Svendsen-Yagci frå Gjøvik som ny partileiar.
– Unge Venstre har aldri vore viktigare. Liberale verdiar er under press, Europa er i krig, og klimakampen mister terreng, skriv han i ei pressemelding på Unge Venstre sine sider.
Svendsen-Yagci kjem frå Gjøvik og har vore andre nestleiar i partiet sidan 2023. Han studerer samfunnsøkonomi og tek over for Ane Breivik, som har vore leiar sidan 2021.
– Mitt mål er at Unge Venstre skal vise politisk leiarskap i ei verd der alt kan følast som om det går feil veg, seier Svendsen-Yagci.
Han var innstilt av fleirtalet i valkomiteen som leiarkandidat. Mindretalet innstilte tidlegare fyrste nestleiar Hans Jacob Huun Thomsen, som Svendsen-Yagci vann kampvotering mot under landsmøtet.
Tejn Rolland frå Oslo vart valt inn som fyrste nestleiar, og Emma Strandbakke frå Nordre Follo vart valt som andre nestleiar.