Har du fått med deg dei viktigaste nyheitene i veka som gjekk?
Det har vore ei ny dramatisk nyheitsveke verda over. Her er nokon av sakene som har prega nyheitsbiletet – kort samanfatta:
Har du fått med deg dei viktigaste nyheitene i veka som gjekk?
Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Det har vore ei ny dramatisk nyheitsveke verda over. Her er nokon av sakene som har prega nyheitsbiletet – kort samanfatta:
Over 150 menneske er meldt omkomne og fleire sakna etter at delar av Spania vart råka av ein storflaum tysdag, ifølgje The Washington Post.
Ifølgje NRK er det områda Malaga, Murcia og Valencia som er hardast råka av storflaumen, som er den verste på fleire tiår.
I løpet av åtte timar tysdag, fall det like mykje nedbør som det vanlegvis kjem i løpet av eitt år, skriv Reuters.
Menneske måtte søkja tilflukt på tak for å sleppa unna vassmengdene, før dei vart redda.
Flaumen har òg gått hardt ut over avlingane til sitrusbønder i området.
Sør-Korea har åtvara om at nordkoreanske soldatar har vorte lærte opp i russisk.
No melder vestleg etterretning om at nokre nordkoreanske soldatar er inne i Ukraina, og ventar at fleire vil koma, ifølgje CNN.
Tidlegare denne veka varsla Nato om at nordkoreanske soldatar var i den russiske regionen Kursk. Sørkoreansk etterretning meiner det kan vera snakk om 13 000, medan andre kjelder meiner det er færre.
I byte mot soldatane har president Putin sagt seg villig til å senda militær teknologi og støtte til Nord-Korea, som er under internasjonale sanksjonar.
Natos generalsekretær Mark Rutte meiner partnarskapet «undergrev global fred og tryggleik», melder BBC.
Klokka 11.05 tysdag føremiddag fekk politiet melding om at ein trikk hadde spora av skjenene og brasa inn i lokala til Eplehuset i Storgata i Oslo.
Fire personar vart lettare skadde i ulukka. Ein av dei skadde var føraren av trikken.
Politiet har starta etterforsking og rutinemessig sikta trikkeføraren for brot på vegtrafikklova § 3, som handlar om aktsemd i trafikken.
Ifølgje Nettavisen jobbar politiet med fleire hypotesar, mellom anna teknisk svikt, menneskeleg svikt, eller om helsemessige årsaker eller ytre omstende kan ha vore årsak til ulukka. Ifølgje politiet er det ikkje mistanke om rus.
Søndag varma komikar Tony Hinchcliffe opp for Donald Trump under eit valkampmøte i New York.
Komikaren vitsa mellom anna med Puerto Rico, som han omtala som ein «ein flytande haug med søppel».
Kommentaren har fått mykje negativ merksemd og Trump har uttala til Fox News at han ikkje hadde noka aning om kven komikaren var på førehand.
Då president Joe Biden vart spurt om kommentaren på ei direktestrøyming, svara han at «det einaste søppelet eg ser flytande der ute er støttespelarane hans», og viser til Trump sine supporterar
Denne kommentaren har igjen vekt harme på republikansk side og Donald Trump stilte opp i ein søppelbil med kampanjelogoen då han kritiserte Biden og Harris for utsegna.
Laurdag gjekk innbyggjarane i Georgia til valurnene.
Oppteljinga viste at det russiskvenlege regjeringspartiet Georgisk draum fekk 54 prosent av stemmene, noko opposisjonen meiner ikkje stemmer.
Den sitjande presidenten Salomé Zourabichvili skriv på X at ho ikkje kan anerkjenna valresultatet.
– Det ville legitimera Russlands overtaking av Georgia. Våre forfedrar har mått halde ut for mykje til at me skal gje opp vår europeiske framtid, skriv ho.
Noregs utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) er òg uroa over korleis internasjonale observatørar har skildra at valet vart gjennomført.
Ifølgje ein rapport frå OSCE (Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa) vart det rapportert om veljarpress, vald og skadeverk. Organisasjonen peikar òg på finansielle hindringar og den omstridde «utanlandsk agent»-lova, som vert omtala som ein kopi av russiske lover.
Georgia skal telja stemmene i fem tilfeldige stemmelokale i ulike valdistrikt på nytt, melder France 24.
Colombia er heimen til kring 16 000 jaguarar.
Ifølgje WWF er jaguaren nær truga. Deira naturlege habitat har krympa dei seinare åra som følgje av avskoging til kvegdrift.
Jakt på jaguarar har vore ulovleg sidan 1981, men dyra vert framleis drepne av bønder fordi dei drep dyra deira.
No melder franske Le Monde at colombianske myndigheiter vil gjera det lettare for jaguarane å bevega seg mellom ulike område.
Landet vil laga jaguarvegar mellom område der dyra kan ferdast fritt, langs kanten av Amazonas-jungelen.