Fylkespolitikarane vedtok nedlegging av seks skular og skulestader i Innlandet

Med gråtande elevar utanfor vedtok eit fleirtal i fylkestinget i Innlandet onsdag planen om å leggje ned seks skular og skulestader i fylket.

NPK-NTB-Peter Tálos
Publisert

Innstillinga frå fylkesutvalet fekk som venta fleirtal mot to andre forslag etter ein fire timar lang debatt i fylkestinget onsdag formiddag. Dei 30 stemmene til Arbeidarpartiet, Høgre og Miljøpartiet Dei Grøne vann mot dei 27 stemmene til opposisjonen. Motforslaga fall.

Det kom ingen forslag om å utsetje behandlinga av saka då fylkestinget starta møtet onsdag morgon.

To skular i Skarnes og Dokka og fire skulestader i Dombås, Lom, Flisa og Sønsterud blir lagde ned. Til saman utgjer dette om lag 730 færre elevplassar, som i all hovudsak skal fjernast frå hausten 2025.

Desse skulestadane skal kleggjast ned:

  • Dokka videregående skole (223 elevar)
  • Skarnes videregående skole (186 elevar)
  • Solør videregående skole, avdeling Flisa (117 elevar)
  • Skulestaden Sønsterud flyttast til Solør videregående skole, avdeling Våler (49 elevar)
  • Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Lom (96 elevar)
  • Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Dombås (32 elevar)

Kjelde: VG

For få elevar

Forutan svak økonomi er det særleg det venta fallet i elevtalet i Innlandet i åra framover som er brukt som argument for å innføre endringane i skuletilbodet.

– Vi er samde om at demografien er utfordrande, men deretter skil vi lag. Det blir ikkje meir ungar av fleire utgreiingar, sa fylkesordførar Thomas Breen då han heldt siste hovudinnlegget i debatten.

Vedtaket vart gjennomført trass i massive protestar og demonstrasjonar frå dei ramma bygdene. Allereie frå neste år vil fleire hundre elevar i den vidaregåande skulen miste det som i dag er nærskular i fleire bygder i Innlandet.

Elevar frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule i Lom i oppløysing etter at fylkestinget vedtok den varsla kuttplanen for dei vidaregåande skulane i fylket onsdag.

Gråtande elevar

Utanfor fylkeshuset på Hamar demonstrerte skuleungdom med plakatar og tilrop mot politikarane på innsida då møtet starta. Då vedtaket var eit faktum klokka 13, vart håp erstatta av skuffelse og gråt blant mange av dei.

Tysdag var mange hundre elevar frå dei ramma bygdene komne til Hamar for å uttrykkje si meining og frustrasjon over innstillinga frå fleirtalet, som dei meiner vil rasere livet i mange bygder og påføre elevane eit liv prega av busspendling eller hybeltilvære frå 15-årsalderen.

Fylkesordførar Breen vart saman med varaordføraren Hanne Alstrup Velure (H) og Johannes Christian Wahl Gran (MDG) overrekt 7000 underskrifter mot nedleggingane.

Fylkesvaraordførar Hanne Alstrup Velure (H) og fylkesordførar Thomas Breen (Ap) under behandlinga av skulestrukturen i Innlandet fylkeskommune onsdag.

Mehl: Trist for folkestyret

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp), som er vald inn på Stortinget for Innlandet, skriv at ho er trist over vedtaket og kallar det uforståeleg. Ho skriv at det vil øydeleggje for generasjonar framover.

– Det hadde vore fleirtal i fylkestinget for å behalde skulane viss Arbeidarpartiet i Innlandet hadde stått ved det dei sa før valet. Når dei går mot sitt eige program for å sentralisere saman med Høgre, er det trist for folkestyret, seier justisminister Emilie Enger Mehl om vedtaket.

Mehl har markert seg kraftig i debatten dei siste dagane og vart tysdag offentleg irettesett av statsminister Jonas Ghar Støre for språkbruken sin i debatten.

Hilde og Mali frå Dokka følgde spent med på møtet i fylkestinget, men eit fleirtal stemde likevel for nedlegging av skuletilbodet på seks stader i Innlandet.