Karpe får heiderspris
Karpe og Stiftelsen PAF får Annette Thommessens heiderspris for 2024 for korleis dei har skapt varige endringar for menneske på flukt.
Prisen blir delt ut i samband med feiringa av 40-årsjubileet til Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS), grunnlagt av Annette Thommessen (1932–1994).
– Karpe og Stiftelsen PAF har utmerkt seg i arbeidet for å skape ein betre kvardag for flyktningar og asylsøkjarar. Innsatsen deira er eit viktig bidrag til samfunnet, seier styreleiar Brynjulf Risnes i Annette Thommessens minnefond.
Magdi og Chirag i Karpe lanserte i 2020 Patel og Abdelmaguid Foundation, som årleg deler ut midlar til prosjekt som ønskjer å betre situasjonen for flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar.
I fjor fekk duoen Røde Kors’ ærespris for innsatsen, og tysdag 22. oktober får Karpe og Stiftelsen PAF Annette Thommessens Hederspris for 2024.
«Med musikk som verktøy og økonomisk støtte til organisasjoner, skaper de varige endringer i livene til mennesker på flukt», heiter det i grunngivinga.
– Denne anerkjenninga styrkjer motivasjonen vår til å halde fram med å støtte prosjekt som gjer ein stor forskjell i liva til flyktningar og asylsøkjarar, både her i Noreg og internasjonalt, seier styreleiar Lea Mariero i PAF.