Berre to filmkarakterar i dei største filmane i fjor var transpersonar

Leiaren i Skeiv Ungdom etterlyser meir variasjon i både karakterar og historier som blir fortalt.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det er altfor lite representasjon av transpersonar, og for så vidt òg andre seksualitetar enn homofil og lesbisk, seier Jane-Victorius Bonsaksen på telefon til Framtida.no.

Leiaren i Skeiv Ungdom kommenterer ei ny undersøking frå GLAAD, ein organisasjon som jobbar for å fremma LHBTQ i media.

Færre skeive på film

Kvart år tel GLAAD representasjon av LHBT+ i store filmar. I 2023 har dei registrert ein nedgang frå rekordåret 2022.

I overkant av ein av fire filmar vert kategorisert som LHBTQ-inkluderande.

Nokre av funna frå rapporten:

  • 27 prosent av filmane hadde ein LHBTQ-karakter
  • 46 prosent av LHBTQ-karakterane hadde ei anna hudfarge enn kvit
  • 56 prosent av LHBTQ-karakterane var menn
  • 39 prosent av LHBTQ-karakterane var kvinner
  • 5 prosent av LHBTQ-karakterane var ikkje-binære
  • Fleire filmar har ein biseksuell karakter, sjølv om desse framleis er i mindretal
  • Ein av LHBTQ-karakterane hadde ei fysisk utviklingshemming
  • Ingen av LHBTQ-karakterane portretterte korleis det er å leva med HIV
  • Studioa som var med i oppteljinga var: A24, Amazon, Apple TV+, Lionsgate, NBCUniversal, Netflix, Paramount Global, Sony Pictures Entertainment, Walt Disney Company og Warner Bros. Discovery

Kjelde: GLAAD

Overvekta av LHBTQ-karakterane som vert portrettert på film er homofile menn, dernest kjem lesbiske kvinner.

Rapporten har telt LHBTQ-karakterar i 256 filmar frå 10 studio. I desse filmane var det til saman 170 LHBTQ-karakterar, noko som er 122 færre enn i 2022.

Nesten halvparten av karakterane med anna legning eller kjønnsidentitet hadde ei anna hudfarge enn kvit. Dette er ein markant auke frå 2022.

Etterlyser fleire historier

Første nestleiar i Skeiv Ungdom, Hedda Josefine Bruncell, hylla Netflix-serien Heartstopper for god lesbisk representasjon i eit meiningsinnlegg publisert på verdsdagen for lesbisk synlegheit. 

«Eg håpar at lesbene i framtida får mange fleire høve til å sjå seg sjølv i media enn det eg har hatt, og får tv-seriar som viser at det er mange måtar å vera lesbisk på, og at vi fortener ein lykkeleg slutt!» skreiv ho i innlegget.

Leiaren i Skeiv Ungdom meiner skeive karakterar og representasjon har vorte betre dei siste åra, men saknar framleis fleire historier.

– Så er me så heldige i Noreg at me har fått fire transbøker på to månader, men det er unormalt, seier Bonsaksen til Framtida.no.

– Viktig med representasjon

– Eg føler at det manglar veldig mykje. Det ein ser av skeiv representasjon er gjerne sånn daglegliv og då gjerne ei litt tragisk framstilling. Det hadde vore gøy å berre sjå skeive leva som superheltar eller i fantasiverd, eller berre at dei er ein del av ei historie som ikkje handlar om det å finna ut at dei er skeive, seier Bonsaksen på telefon til Framtida.no.

Dei etterlyser meir mangfald i alle typar media, fordi det er med å representera verda me lever i.

Jane-Victorius Bonsaksen, leiar i Skeiv ungdom. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Leiaren i Skeiv Ungdom gler seg over at det har vorte meir mangfald blant dei skeive karakterane på film og tv, men tykkjer det er negativt at talet på transkarakterar og det totale talet på skeive karakterar har gått ned.

Berre åtte karakterar vart definert som ikkje-binære. To karakterar vert definert som trans, der begge var kvinner.

– Det er viktig med meir representasjon er å sjå seg sjølv representert og normalisert, både for oss som skeive fordi me ikkje ser det så ofte, men òg for personar som er cis og hetero som ser oss representert i verda.

Transroller

GLAAD-rapporten peikar særskilt på framstillinga av dei to transpersonane. I ¡Que Viva Mexico! spelar den mannlege skodespelaren Cuauhtli Jiménezis transkvinna Jacinta, noko GLAAD meiner byggjer opp under stereotypien om at transkvinner er menn i kjole.

Den andre transpersonen er framstilt i sportsfilmen Next Goal Wins. Fotballspelar Jaiyah Saelua vert portrettert av Kaimana, som sjølv er transkvinne.

I eit intervju med nettstaden Them fortel Saelua at filmen ikkje framstiller forholdet mellom ho og trenaren heilt riktig, når det handlar om feilkjønning.

– Så snart eg bad om å bli kalla Jaiyah, vart det respektert, fortel ho.

Dei siste åra har det vore debattar knytt til kven som kan spela ulike roller. Her peikar Bonsaksen på at ein skodespelar er ein person som tek på seg ei rolle, og at seksualiteten deira ikkje alltid er kjent.

Likevel meiner hen at det er viktig at transkarakterar spelast av personar med same kjønnsidentitet som karakteren.

– På transfeltet er det ganske viktig at ein person som spelar ein transperson er den kjønnsidentiteten dei spelar, spesielt transkvinner i film. Spelast transkvinner av cis-menn og ein byrjar å Google vert det litt som denne personen tok på seg ei rolle, og det er eit kostyme. Det bidreg til den illusjonen om at trans er noko du gjer og ikkje noko du er, som er vanskeleg, forklarar Bonsaksen.

Fleire forteljingar

Leiaren i Skeiv Ungdom meiner det er viktig med dei vanskelege «komme ut»-historiene, men skulle gjerne sett fleire forteljingar.

– Nokre gonger vil du berre sjå deg sjølv representert på ein kul måte utanfor det normale, fri til å vera det du er.