Ved å vende seg mot historia, viser filosof Roman Krznaric at vi kan leve på fundamentalt andre måtar, og at eit stagnert økonomisk og politisk system ikkje er naturgitt.

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 14.10.2024 09:10

I nyutgitte Historie for fremtiden – inspirasjon fra fortiden for å løse vår tids utfordringer viser Roman Krznaric at historia ikkje er forbi. Tvert imot er den full av idear som kan hjelpe oss i møte med vår tids kriser.

Dei fleste har etter kvart fått med seg at krisene i verda tårnar seg opp: klimaet er i krise, naturen forsvinn i aukande fart, og så fort pandemien er over, ser storkrig ut til å bryte ut i Midtausten.

Historie for fremtiden – inspirasjon fra fortiden for å løse vår tids utfordringer

  • Forfattar: Roman Krznaric
  • Originaltittel: History for Tomorrow
  • Omsetting: Rune R. Moen
  • Norsk forlag: Res Publica
  • Sidetal: 339

Beste tida i historia

Likevel er det ei utbreidd oppfatning at vi lever i den beste tida hittil i historia. Opplysningsideen om at verda uvegerleg gjer framsteg, og dermed blir stadig betre, har framleis fast grep om vår kollektive førestilling.

Når mange protesterer mot innskrenking av abortrettar i USA «i 2024», eller at ein «framleis» må kjempe for visse politiske saker, er det denne oppfatninga som viser seg.

Tanken er at verda nær sagt automatisk beveger seg framover, i progressiv retning. Alle som ikkje held tritt representerer «gufs frå fortida».

Har historia noko å lære oss?

Innbakt i denne tankemodellen ligg at fortida, uansett når eller kvar ein snakkar om, må ha vore verre. For å setje det på spissen: Fortida representerer barbariet, som vi no har bevega oss forbi. Det går betre no. Dermed har historia heller ingenting å lære oss. Den representerer primært dette «gufset».

Det er sjølvsagt sant at verda har gjennomgått ei rekke framsteg: medisinske nyvinningar som antibiotika og vaksinar gjer livet i dag langt tryggare og meir føreseieleg enn for eit par hundreår sidan.

Men i same periode har vi øydelagt halvparten av verdas regnskogar, forårsaka klimakrise, utrydda titusenvis av unike plante- og dyreartar, oppfunne og tatt i bruk masseøydeleggingsvåpen, plassert milliardar av dyr i fabrikkliknande forhold, og funne opp kunstig intelligens som ingen veit konsekvensane av. Det er mildt sagt uklart om dette gjer oss betre enn våre historiske forgjengarar.

Historisk arroganse

I si nye bok, Historie for fremtiden, går filosof Roman Krznaric i rette med det vi kunne kalle samtidas historiske arroganse.

Fortida er full av praksisar vi kan lære av og etterlikne. Slaveopprøret på Jamaica i 1831, der 20 000 slavegjorte tende på plantasjane til den kvite eliten, utgjorde eit avgjerande vippepunkt i slaveriets historie.

Borgarrettsrørsla i USA var også avhengig av ein radikal og «valdeleg flanke» for å oppnå politisk gjennomslag.

Dette må dagens klimarørsle lære av, ifølgje Krznaric, for fossiløkonomien står like sterkt i dag som slaveriet gjorde den gang. Det er sjølvsagt andre skilnadar mellom desse to, men poenget er: Skal det politiske og økonomiske systemet lytte, må sterkare lut til.

Krznaric viser til rørsler som Extinction Rebellion og Tyre Extinguishers, som også her til lands er blitt kjend for å late lufta ut av dekka på SUV-ar i urbane strøk.

Sirkulærøkonomi i Edo

Overforbruk er ei av hovudårsakene til den pågåande utarminga av planeten, og menneskeslekta sitt materielle fotavtrykk er i dag om lag det dobbelte av jordas toleevne.

El-avfall utgjer vår tids nye fjellformasjonar, avfallsøya i det nordlege Stillehavet er no tre gonger større enn Frankrike i areal, og mikroplast er funne så vel i Arktis og Antarktis som på botn av Marianegropa – det djupaste punktet i havet.

Krznaric meiner vi bør sjå til Edo, no Tokyo, der shogunatet som styrte frå 1600-talet av handterte ressursknappheit ved å innføre sirkulærøkonomi.

Bomullstøy kunne først nyttast som kimono og deretter, når stoffet blei slite og mjukare, som pyjamas. Etter endå litt tid blei pyjamasen ideell som bleiestoff, før den omsider blei til golvklut, som, etter endå litt slitasje, kunne brukast som brennstoff.

I Edo blei alt avfall samla inn og brukt om att. Smelta vokslys blei samla inn, gamle gryter smelta om, menneskehår blei tatt vare på for å lage parykkar.

Reklameforbod

I ei verd der reklame på alle kantar sørgjer for at forbruket held seg skyhøgt, er dette likevel vanskeleg å sjå føre seg.

Men Krznaric viser til byar som Grenoble i Frankrike, som har forbode reklameplakatar i bybildet og definert dette som «visuell ureining».

Ei gruppe aktivistar ved namn «Subvertising Norway» har faktisk i årevis erstatta reklameplakatar med kunst, med mål om å ta tilbake det offentlege rom frå kommersielle interesser. Men skal ein verkeleg redusere forbruket, er det antakeleg også nødvendig med politiske inngrep mot reklame.

Demokrati av folk – ikkje politikarar

Krznaric er også statsvitar, og hans idear om demokratiet er blant det mest forfriskande i boka.

Demokratiet må for all del bevarast, ifølgje Krznaric, men den representative versjonen vi har no – der profesjonelle politikarar har all makt – er ikkje eigna for krisene vi står overfor.

Skal vi tru Krznaric var faktisk heile poenget med representativt demokrati å halde folket unna makta, å «unngå demokratisk politikk».

I dag ser vi tydeleg at dette systemet, «med all sin partipolitikk, lobbyinteresser, og kronisk kortsiktighet» står rimeleg hjelpelaust i møte med klima- og naturkrisa.

Manglar klimatoppar

Ikkje eit einaste land er i rute for å nå klimamåla, og i ei uavhengig rangering av statar sin innsats for klima, er dei øvste tre plassane tomme.

Ifølgje panelet bak rangeringa, gjer ikkje eit einaste land nok for å fortene plassen. Krznaric føreslår bruk av folkepanel, der eit tverrsnitt av befolkninga blir trekt tilfeldig ut, for så å diskutere eit tema over månadar eller år, med innspel frå ekspertar på feltet.

Forslaget ser ut til å ha mykje for seg: Slike folkepanel viser seg å føreslå langt meir økologisk politikk enn valde politikarforsamlingar. Problemet er berre at forslaga typisk blir ignorert av valde politikarforsamlingar.

Krznaric vil derfor innføre folkepanel som ikkje berre gir råd, men også har makt til å ta avgjerder.

Velskriven og håpefull

Stortinget og lobbyorganisasjonar som Offshore Norge bør altså få langt mindre makt, og ei lang rekke folkepanel og forsamlingar av borgarar bør opprettast. Dersom Krznaric har rett vil det både gjere politikken meir demokratisk, fordi langt større delar av befolkninga blir deltakarar i politikken, og i tillegg meir økologisk.

Dette er berre eit knippe av områda som Krznaric vil handtere ved hjelp av historiske føredøme (i tillegg kjem vasskrise, KI, genteknologi, multikulturalisme, sosiale medium og ulikskap, og mogleg sivilisasjonskollaps).

Boka er velskriven, lett tilgjengeleg, håpefull og ofte inspirerande.

Kan, og må, endrast

Det blir stadig tydelegare at framtida vi styrer mot, med aukande forbruk, svinnande natur og kriser som hopar seg opp, ikkje fungerer.

Ved å vende seg mot historia, viser Krznaric at andre framtider er moglege, at vi kan leve på fundamentalt andre måtar, og at eit stagnert økonomisk og politisk system ikkje er naturgitt.

Det kan endrast, og, vil Krznaric hevde, det må endrast.

Vi kan stoppe fossilbilane, forby reklame, erstatte partipolitikken med folkeleg deltaking, og avskaffe avfall.

Historie for fremtiden viser at det å gå baklengs inn i framtida ikkje treng vere ei fornærming, men tvert om kan utgjere den beste måten å bryte ut av vår eiga tids manglande førestillingsevne og mislukka institusjonar.

Terningkast: 5