Brukte Alfred Nobel fredsprisen til å byggje seg eit betre ettermæle?

Ei avis melde Alfred Nobel død medan han var høgst levande. Somme har spekulert i om måten han vart omtala kan ha ført til opprettinga av Nobels fredspris.

NPK – Heidi Molstad Andresen
Publisert

Tittelen på nekrologen skal ha vore av det særs dramatiske slaget: «Dødens kjøpmann er død!»

I den etterfølgjande teksten vart kniven vridd ytterlegare til:

«Dr. Alfred Nobel, som blei rik ved å finne raskare måtar å drepe fleire menneske på enn nokon gong før, døydde i går».

Ifølgje soga stod teksten på trykk i ei fransk avis i 1888. Men soga seier også at publiseringa var ei misforståing frå avisa si side.

I røynda var det nemleg bror til Alfred Nobel, Ludvig Nobel, som var død. Men avisa skreiv altså ein nekrolog om industrimagnaten Alfred, som var vidgjeten for å ha funne opp dynamitten.

Og, som framleis levde i beste velgåande i Paris.

Ein imagebyggjar?

Ifølgje den same soga skal Alfred først ha blitt rasande då han såg den lite flatterande oppsummeringa av livsverket sitt. Så skal han ha blitt fortvila. Så fortvila, at det visstnok var difor Alfred Nobel testamenterte 94 prosent av formuen sin til det som skulle bli verdas fem mest høgthengande prisar, deriblant Nobels fredspris.

Interessa for fredsrørsla fekk Nobel gjennom venskapen med den austerrikske aktivisten Berta von Suttner, som han vart kjent med lenge før ho fekk eit namn i internasjonalt fredsarbeid, fortel Nobel-historikar Ivar Libæk. | Foto: NTB/NPK

Ifølgje Nobels testamente skulle fredsprisen gå til den som det siste året har «verkat mest eller bäst för folkens förbrödrande och afskaffande eller minskning af stående arméer samt bildande och spridande af fredskongresser».

Eller som det også er blitt hevda: Slik sikra Alfred Nobel seg eit meir humant og positivt ettermæle, den dagen nokon skulle skrive den verkelege nekrologen om han.

– Mot slutten av livet var Nobel kolossalt oppteken av våpenindustri. Han kjøpte Bofors jernverk og våpenfabrikkar i Sverige og dreiv med rakettoppskyting i San Remo i Italia, fortel Ivar Libæk. | Foto: Jan Lillehamre Cox

Lite lystig

Nobelhistorikar Ivar Johan Libæk humrar litt av spekulasjonane, men vedgår like fullt at dei er fascinerande:

– Historia om denne nekrologen er dessverre befesta med høg usikkerheit. Sjølv har eg lest historia i svensk sekundærlitteratur, men eg fann aldri nekrologen då eg jobba med temaet for mange år sidan. Eg har heller aldri sett brev der Alfred beklagar seg over den påståtte nekrologen.

– Men om det vart publisert ein nekrolog med eit slikt innhald, var det sjølvsagt ingen lystig lesnad for Alfred Nobel. Kanskje kan det ha påverka avgjerda han tok dei siste åra av livet, seier Libæk.

Nokre dagar etter denne praten har Libæk funne ein høgst reell notis som kan ha gjeve inspirasjon til soga om den dramatiske nekrologen. Den notisen skal me sjølvsagt koma attende til. Men først, eit raskt tilbakeblikk.

Kuler og mykje krut

Alfred Nobel var berre ti år då familien flytta frå Sverige til St. Petersburg. Som ung vaksen slo han seg opp som sjølvlært kjemikar saman med brørne sine. Der folk før hadde sprengt fjell i fillebitar med flytande og livsfarleg nitroglyserin, fann Alfred snart eit stoff som trekte til seg nitroglyserinet. Slik kunne han pakke inn sprengstoffet og sette lunte i det, og med det frakte den nyoppfunne dynamitten over store avstandar.

Oppfinninga skulle kome til å gjere han søkkrik:

– Nobel hadde kolossal interesse for sprenging av alle slag. Han utvikla også det røyksvake krutet, som gjorde det lettare for soldatane å sjå på slagmarka. I tillegg jobba han fram ei rekkje andre typar sprengstoff, kanonar og rakettar, fortel Ivar Libæk.

Etter kvart huserte Nobel i både Frankrike, Skotland, Tyskland og Italia, og togpendla mellom dei ulike adressene.

– Mot slutten av livet var Nobel enormt oppteken av våpenindustrien. Han kjøpte Bofors jernverk og våpenfabrikkar i Sverige og dreiv med rakettoppskyting i San Remo. På dette tidspunktet skal han til og med ha sagt at det ville vera fint å sjå Sverige konkurrere mot våpenindustrien i Tyskland og Storbritannia. Då han døydde av hjernebløding i San Remo i 1896 var han faktisk ein av dei rikaste ungkarane i Europa. Han eigde selskap i 20 land, hadde 100 fabrikkar og rettar til 355 patent, fortel Libæk.

Kompleks og nysgjerrig

Nobel-forskaren synest likevel ikkje Alfred Nobels store våpeninteresse står i konflikt med at svensken no er gått inn i historiebøkene som ein velgjerar for fred.

Nobel var eit komplekst og svært nysgjerrig menneske, understrekar Libæk. For medan han stadig fann nye måtar å sprengje ting i lufta på, og mange år tidlegare enn den påståtte nekrologen stod på trykk, skreiv Nobel dikt og skodespel og gav pengar til fredsarbeid.

Interessa for fredsrørslene fekk Nobel gjennom venskapen med den austerrikske aktivisten Berta von Suttner, som han vart kjent med lenge før ho vart forfattar og fekk eit namn i internasjonalt fredsarbeid.

Slik hadde det seg at Alfred Nobel både donerte pengar til fredsskapande arbeid i Austerrike og investerte tungt i våpenindustrien på ei og same tid, fortel Libæk. For Nobel innebar det truleg ingen motsetnad.

– Alfred var samstundes veldig kritisk til det pasifistiske tankegodset til fredsrørsla. Han stod ved at statane burde ha ei kollektiv sikkerheit og at verda trong sterke militærmakter for å halde dei som forstyrra freden på plass.

Alfred Nobel skal ha vore hypokonder og svært redd for å bli gravlagt levande. I det omdiskuterte testamentet ber han også om at pulsårene hans blir skorne over etter at han er død, og før han blir lagt i grava. | Foto: NTB/NPK

Krigarar og aktivistar

Nobelhistorikaren peiker også på at fredsprisen slett ikkje alltid har gått til fredsaktivistar og folk som har funne juridiske løysingar på internasjonale konfliktar.

– Prisen har også gått til leiarar som først har brukt makt og deretter blitt samde om fredelegare løysingar. Hugs; Theodore Roosevelt fekk jo fredsprisen, Kissinger har fått han – til liks med både Arafat, Peres og Rabin. Dei var jo ikkje først og fremst kjent som fredelege karar.

Og her kjem me attende til den påståtte nekrologen. For der ingen har funne bevis for ein tekst som fortel at dødens kjøpmann var død, er det fleire som peiker på ein unnseleg notis som stod på trykk i Le Figaro den 15. april 1888. Det gjer også Libæk.

Også denne notisen omtalar feil Nobel, og avisa må rette opp brølaren med eit dementi dagen etter.

Sjølv om innhaldet i notisen korkje var like omfattande eller sarkastisk som den påståtte nekrologen, var heller ikkje den faktiske notisen av det særleg ærbødige slaget, konstaterer Ivar Libæk:

«Ein mann som ikkje så lett kan passere som ein velgjerar av menneska, døydde i går i Cannes. Det er herr Nobel, oppfinnaren av dynamitt. Nobel var svensk», stod det å lesa.

– Viss Alfred las dette i Le Figaro, er det klart det må ha gjort inntrykk. Han var eit samansett geni og kjente seg nok veldig ofte misforstått. Men om notisen i så fall gjorde eit inntrykk som påverka testamentet han skreiv sju år seinare, nei, det anar eg jo ikkje. Det kan eg ikkje seie, seier Libæk og blir stille litt.

– Du veit, då Alfred Nobel var 18 år gammal, skreiv han eit dikt om at me alle er uløyste gåter. Slik er vel på sett og vis også Nobels fredspris – ei gåte.

Epilog: Dagen etter at notisen som feilaktig opplyste om at Alfred Nobel var død stod på trykk i Le Figaro, trykte avisa eit dementi: «Det var ved ein feil at avisa annonserte døden til Herr Nobel, oppfinnaren av dynamitt. Det var bror hans som nettopp hadde døydd etter lang tids sjukdom. Når det gjeld oppfinnaren av dynamitt, som har budd i Paris i mange år, er han ved utmerkt helse og tok sjølv imot i går, på hotellet sitt på Avenue Malakoff, dei mange venene som vart skremt av dei dårlege nyheitene som vart gitt om morgonen».