Openheitsprisen går til Leo Ajkic og Randi Rosenqvist
Mental Helses Openheitspris i år blir tildelt programleiar Leo Ajkic og rettspsykiater Randi Rosenqvist for søkjelysa deira på psykisk helse i kriminalomsorga.
Openheitsprisen blir gitt til ein person, ein organisasjon eller ei gruppe som har gjort ein ekstra innsats for å auke kunnskapen om psykisk helse, skriv organisasjonen Mental Helse.
Vil førebyggje utanforskap
– Saman er dei to sterke og tydelege stemmer som tek opp eit tema som er fullt av dilemma, men samtidig får dei oss til å sjå at det handlar om menneskelagnader, og at ingenting er svart-kvitt, seier landsleiar i Mental helse, Ole-Marius Minde Johnsen, i ei pressemelding.
Ajkic har denne hausten vore aktuell med NRK-programmet «Leo og de farlige». Der har han møtt innsette som sonar i fengsel på ubestemd tid. Juryen kallar serien for ei rå og ærleg skildring av draps- og valdsmenn.
– Det er ei stor ære å få denne prisen og bli anerkjent for arbeidet eg gjer. Den største prisen er at folk har sett «Leo og de farlige». Openheitsprisen gjer det også mogleg for meg å jobbe vidare med å setje lys på viktige tema og bidra til å førebyggje utanforskap, seier Ajkic.
– Treng tru på at livet kan endrast til det betre
Randi Rosenqvist har jobba med rettspsykiatri og fengselspsykiatri i 40 år. Ho donerer prispengane til organisasjonen Way Back, som hjelper innsette til å komme ut i sivilsamfunnet etter soning.
– Som alle andre treng innsette meiningsfulle relasjonar. Dei treng å oppleve meistring og få ei tru på at livet kan endrast til det betre. Dette er noko heile sivilsamfunnet må støtte opp om, seier ho etter å ha fått prisen.
Ajkic gir prispengane til Femti-71, som jobbar med førebyggjande arbeid for unge i Bergen gjennom mellom anna hiphop, basketball og matlaging. Målet er å forhindre utanforskap.