Nye funn av mystiske, store geoglyfar i ørkenen

Nazca-ørkenen i Peru er kjent for dei mange meter lange og breie figurane ein kan sjå frå lufta. No er det funne fleire hundre hittil ukjende figurar.

Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert

Saka var først publisert i Framtida Junior, søsteravisa til Framtida.no.

Figurane i Nazca-ørkenen, som er kalla geoglyfar, er så store at dei berre gjev meining om ein ser dei frå lufta. Dei er laga av liner og geometriske formar som er teikna inn i ørkenlandskapet.

No har forskarar ved universitet i Michigan gjort nye oppdagingar av fleire hundre geoglyfar, skriv Forskning.no.

Forsking med hjelp av kunstig intelligens

Forskarane gjorde oppdagingane ved å gå gjennom satelittbilde frå Nazca-ørkenen med hjelp av kunstig intelligens.

NYOPPDAGA: Nokre fleire av dei nyoppdaga geoglyfane. Òg her er det teikna inn liner for å gjere dei tydelege. Illustrasjon: Sakai et al / PNAS 2024 / CC BY-NC-ND 4.0

Dei rundt tre hundre geoglyfane som no er oppdaga, er mange delvis utviska. Dette har gjort dei vanskelege å oppdage tidlegare.

Uvisst kvifor dei vart laga

Før nyppdaginga var forskarar kjende med omrent 400 geoglyfar i Nazci-ørkenen. Dei mest kjende førestiller ein kolibri, ein kondor, ei øgle, ein edderkopp, ein kval og ei ape, og er mellom 45 og 285 meter lange.

Geoglyfane blei laga i perioden 200 til 600 år etter vår tidsrekning. Årsaken til at dei blei laga er ukjend.