Attentat på presidentar har vore ein del av den amerikanske historia sidan 1865. Her er dei sju sitjande eller tidlegare presidentane som har blitt drepne eller skadd i attentatforsøk.

Åshild Slåen
Publisert

Den amerikanske presidenten er både ein av dei mektigaste og ein av dei mest beskytta personane i verda. Secret Service følgjer med på både noverande og tidlegare presidentar, og det skal mykje til for at nokon skal kome nære nok til å gjere skade eller drepe nokon som har eller har hatt presidentvervet.

Laurdag 13. juli ved eit folkemøte i Butler i Pennsylvania, skaut Thomas Matthew Crooks (20) mot Donald Trump (78), og trefte den øvre delen av det høgre øyret hans. Trump vart frakta til sjukehus, men var skrive ut same dag og flydd vidare til New Jersey.

Både Crooks og ein person i publikum døydde i åtaket, og to andre er skada.

Førebels veit vi lite om motivet til Crooks, men han er ikkje den fyrste som har bestemt seg for å skyte ein sitjande eller tidlegare president.

Her er seks andre attentat som lukkast med å enten drepe eller skade amerikanske presidentar:

1981: Ronald Reagan

Republikanske Ronald Reagan hadde berre vore president i to månader då han 30. mars i 1981 vart skoten på veg frå Hilton Hotel i Washington DC.

Skyttaren John Warnock Hinckley Jr. (25) fyrte av seks skot, og eit av dei trefte Reagan i underarmen, knekte eit ribbein og førte til store innvendige blødingar. 70 år gamle Reagan vart frakta til sjukehus og operert, og overlevde.

Tre andre vart også skada i skytinga, men alle overlevde.

Hinckley vart arrestert med ein gong, men vart under rettssaka funne utilrekneleg, og vart difor plassert i ein psykiatrisk institusjon fram til 2016.

Han påstod at drapsforsøket skulle imponere skodespelaren Jodie Foster, som han var besett av. Hinckley hadde også planlagt å drepe dåverande president Jimmy Carter i 1980, utan å lukkast.


 

1963: John F. Kennedy

Truleg eit av dei mest kjende attentata i verda er drapet på den populære demokratiske presidenten John F. Kennedy (46) i Dallas i Texas 22. november 1963. Drapsmannen var truleg Lee Harvey Oswald (24), som vart arrestert nokre timar etter drapet. Oswald fekk aldri ei rettssak, sidan han vart drepen av nattklubbeigaren Jack Ruby på hovudpolitistasjonen i Dallas 24. november 1963.

Drapet på Kennedy har ført til mange spekulasjonar og konspirasjonsteoriar rundt kva som skjedde. Sjølv om etterforskinga rundt Oswald har blitt kritisert i ettertid, har det ikkje kome noko bevis som avkreftar at han var drapsmannen.


 

1912: Theodore Roosevelt

Theodore Roosevelt er ein av personane på denne lista der drapsforsøket ikkje lukkast. Han tok over som president etter McKinley i 1901, og sat til 1909 for republikanarane. I 1912 forsøkte han å bli president att, denne gongen for Det progressive partiet.

På eit folkemøte 14. oktober i 1912 skaut John Schrank den tidlegare presidenten ein gong i brystet. Kula vart sakka av eit metallbrillehus og ei 50-siders tale som var bretta i brystlomma til Roosevelt.

Roosevelt var ein jaktentusiast, og hadde god oversikt over anatomi. Då han ikkje hosta opp blod bestemte han seg for å halde fram med folkemøtet, gjennomføre tala si, og vente med å oppsøke eit sjukehus, sidan han meinte kula ikkje hadde treft lungene hans. Dette stemte.

Han talte i 84 minutt, og opna med denne replikken:

– Mine damer og herre, eg veit ikkje om de fullt ut forstår at eg nettopp har blitt skote, men det skal meir til for å drepe ein elgokse (red. anm. kallenamnet på det progressive partiet).

Roosevelt levde med kula i brystet til han døydde i 1919.


 

1901: William McKinley

Den republikanske presidenten William McKinley (68) vart skoten 6. september 1901 i Buffalo i delstaten New York. McKinley vart treft i magen, og sjølv om det fyrst såg ut som han skulle kome seg, døydde han av kaldbrann som følgje av skaden 14. september.

Skyttaren Leon Czolgosz (28) var ein anarkist som meinte staten utnytta dei fattige og hadde skulda for at samfunnet var urettferdig. Han kan ha blitt inspirert av andre anarkistar i samtida. Den italienske kongen Umberto I vart drepen av ein anarkist året før. Det same vart keisarinne Elisabeth (Sissi) av Austerrike-Ungarn i 1898.

Czolgosz vart arrestert av politiet og fengsla etter attentatet. Han vart funnen skuldig i rettssaka 16. september og dømt til døden. Czolgosz vart avretta 29. oktober 1901 med den elektriske stolen.

Drapet på William McKinley sjokkerte amerikanarar, og mange kritisert kor lite vern presidenten hadde. Dette førte til at kongressen i 1906 offisielt påla Secret Service å beskytte den amerikanske presidenten.


 

1881: James A. Garfield

Republikanaren James A. Garfield (49) hadde vore president i under fire månader då han vart skoten 2. juli i 1881 på ein togstasjon i Washington DC.

Garfield døydde elleve dagar seinare av infeksjon på grunn av ikkje steril behandling av såret.

Drapsmannen, Charles J. Guiteau (40), var ein advokat og skribent. Han meinte han burde få noko av æra for at Garfield vann valet, og var sint for at han ikkje fekk vere ambassadør i Frankrike. I etterkant har det blitt diskutert om vrangførestillingane hans var ein konsekvens av ein syfilisinfeksjon, eller ei spesifikk mental liding.


 

1865: Abraham Lincoln

Det fyrste suksessrike attentatet mot ein amerikansk president var drapet på Abraham Lincoln (54) 14. april 1865.

Republikanske Lincoln er godt kjent for rolla si i den amerikanske borgarkrigen, då han som president styrte unionshæren som kjempa mot sørstatane og slaveri.

Drapsmannen John Wilkes Booth (26) var ein kjent skodespelar som hadde stor sympati med den sørlege sida, eller konføderasjonen. I april 1965 hadde sørstatsgeneralen Robert E. Lee overgitt seg og hæren sin, og borgarkrigen gjekk mot slutten. Booth planla drapet etter å ha høyrd ei tale der Lincoln oppmoda til stemmerett for svarte amerikanarar.

Booth skaut president Lincoln i hovudet medan han såg eit teaterstykke frå balkongen sin i Ford’s Theatre i Washington DC.

Presidenten var medvitslaus i ni timar før han døydde 15. april i 1865.

Booth flykta frå staden på hesten sin, og kom seg gjennom Maryland til Virginia. Soldatar spora han til ein gard i Virginia 26. april. Dei tente på låven der han gøymte seg då han nekta å kome fredeleg, og ein av soldatane skaut han då dei såg han bevege seg.