Betre bustøtte for husstandar med vaksne barn

Frå 1. oktober kan unge vaksne under 20 år som bur heime tene eigne pengar utan at det går ut over bustøtta til foreldra.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

− Det er viktig at unge kan ta ein jobb og prøve seg i arbeidslivet. Det skal ikkje gå ut over økonomien til foreldra, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) i ei pressemelding.

Bustøtta er ei behovsprøvd yting som skal sikre husstandar med låge inntekter ein høveleg bustad. Kvar månad får nærare 100.000 husstandar bustøtte, i snitt får dei utbetalt om lag 3400 kroner kvar månad. Bustøtte er med å sikre at fleire har ein trygg og eigna stad å bu.

Nokre av mottakarane av bustøtte har vaksne barn som bur heime, til dømes fordi dei framleis går i vidaregåande opplæring. Fram til no har alle inntekter vaksne barn har hatt påverka kor mykje foreldra har fått i bustøtte.

− No vil ikkje inntektene til personar under 20 år lenger telje med når dei ikkje sjølv er mottakarar av bustøtte. Frå 1. oktober kan ungdom i husstandar med låg inntekt jobbe og tene eigne pengar utan å uroa seg for at foreldra mister bustønad, seier Sande.

Det er venta at endringa vil gi husstandar med vaksne barn til saman 50 millionar kroner meir i bustøtte kvart år.