Haaland klatrar på lista over Noregs rikaste – auka formuen med ein halv milliard
No er fotballstjerna blant dei 200 rikaste i landet.
Erling Braut Haalands formue har gått opp med 500 millionar kroner frå i fjor, viser Kapitals oversikt. Han er inne blant Noregs 200 rikaste.
Manchester City-stjerna har ein samla formue på 2,3 milliardar kroner, ifølgje Kapital.
Haaland har med det klatra inn blant dei 200 rikaste i Noreg og er nummer 194. Det er opp 46 plassar frå 2023.
24-åringen gjekk i 2022 frå Borussia Dortmund til Manchester City. Dette medførte også eit solid pengeløft, noko som førte til at han i fjor vart den første fotballspelaren i historia på Kapitals 400-liste.
John Fredriksen toppar 400-lista med ein formue på 253 milliardar kroner.