Bandet Oddny: Gjekk frå konsertar på 15 personar til 2000 på Malakoff

Låtskrivar Iver Strand Senneset fortel at dei har planlagt å gi ut eit album ein gong i 2025, og at dei alt i november i år vil sleppe singlar frå langspelplata ut på marknaden.

NPK – Bent Tandstad
Publisert

25 år gamle Iver Strand Senneset frå Bremanger er låtskrivar, gitarist og vokalist, og dermed også mannen bak «Oktober, Bergen by», ein låt som trefte ein nerve hos mange. Vestlandsk kvardagspoesi med eit litt sårt innhald, og med ein melankolsk melodi som forsterkar stemninga i teksten.

– Vi får mange reaksjonar på denne songen. Det er tydeleg at det er ein situasjon mange kjenner seg igjen i, seier Senneset til Nynorsk pressekontor.

For dei som ikkje kjenner låten, så handlar han om ein kar som subbar rundt i Bergen med våte sko og ein mobiltelefon utan straum, etter å ha fått nei frå ho han ville ha. Ho han såg på medan ho knytte sine kvite Nike-sko.

Med seg i Oddny har Senneset jamaldringane Edvard Røgeberg på tangentinstrument, Bartek Galek på bass og Oliver Igland på trommer. Iver og Oliver er frå Bremanger, medan Oliver er frå Førde og Edvard frå Sandane.

Med på laget er også kompisen Ole Henrik Solheim, ein rogalending som tek seg av alt som har med spelejobbar å gjere.

Møttest på musikklina

– Vi møtte kvarandre på musikklina på Firda vidaregåande skule på Sandane. Vi har spelt i ein del band, både saman og saman med andre, før vi i 2020 enda opp med den kvartetten vi har no. Så kom pandemien, og det vart lite spelejobbar. Men vi jobba bra med låtskriving og øving. «Oktober, Bergen by» skreiv eg i 2021, like etter at eg byrja å studere i Bergen, fortel Senneset.

Også tangentmannen er student, han i Oslo, medan dei to andre har jobbar i hovudstaden. Men alle er klare for å satse på musikken framover.

Og det har gått bra. Fleire og fleire har kome på konsertane deira, og det toppa seg på Malakoff-festivalen på Nordfjordeid i sommar då dei spelte for over 2000 menneske. Med stor suksess.

– Kvar kjem bandnamnet Oddny frå. Er det ho som gjekk tapt i «Oktober, Bergen by»?

– Nei, faktisk ikkje, ler Iver Strand Senneset. – Vi hadde ei idémyldring, og det var då eg kom opp med namnet. Eg har ikkje anna forhold til namnet enn at oldemor mi heitte det, utan at det var meininga å kalle bandet opp etter henne. Men dei andre likte namnet og la ned veto mot å endre det. Så då blei det Oddny, held han fram.

Sunnfjordingen fortel at han har skrive tekstar på engelsk tidlegare, men at han som eit eksperiment gjekk over til å skrive norsk.

Nært og originalt

– Eg var ikkje i tvil. Det er lettare å vere original på morsmålet, alt kjem så mykje nærare. Vi fann ut at det fungerte så bra at vi kunne byggje bandet rundt dei dialektbaserte tekstane, skyt han inn.

Låtskrivaren fortel at fleire av songane han har skrive, handlar om ein bygdekar sitt møte med byen og problema hans med å finne rytmen byen har. Han skriv ofte tekstane før melodien, men alle tekstane blir skrivne med tanke på at det skal setjast musikk til.

Det er ingen tvil om at det var «Oktober, Bergen by» som var gjennombrotet til Oddny.

– I starten opplevde vi å spele konsert for 15 personar. Så har det kome stadig fleire, og på ein vårturne vi hadde på Vestlandet i år hadde vi sju utselde konsertar på rad. No er målet vårt å spele så mykje vi kan framover. Håpet er at vi kan leve av musikken, seier han.

Det er alltid kjekt å kunne plassere eit band i ein spesiell sjanger, slik at vi på ein måte veit kvar vi har dei. Men det er vanskeleg med Oddny.

– Repertoaret vårt varierer ein del, vi har bevisst prøvd å unngå ein sjangerformel. Ikkje det at vi har funne opp ein ny sjanger, men vi har plassert oss midt mellom rock, pop, americana og roots-musikk. Men det er viktig for oss at vi er originale, legg Iver Strand Senneset til.

Album i 2025

Han fortel at dei har planlagt å gi ut eit album ein gong i 2025, og at dei alt i november i år vil sleppe singlar frå langspelplata ut på marknaden. Og så blir det mange spelejobbar utover hausten og førjulsvinteren.

– Om eg skulle nemne noko som har vore viktige for den musikalske utviklinga vår, så er det ein gjeng idealistar rundt den halvlegendariske utestaden Havlys i Bremanger. Det er folk som Roger og Martin Igland, Norvall Klungresæter, Einar Nesbakk og fleire andre. Dei lét oss som ungdomar sleppe til på ei vaksenscene. Det var eit krasjkurs, og det har betydd mykje for utviklinga vår som live-musikarar, seier han.

Mange i denne gjengen har også vore involverte i Bremanger RockWeekend, ein festival som har vorte halden kvart år sidan tidleg på 1980-talet.

Det er også i Bremanger dei fire i Oddny har det musikalske hovudkvarteret sitt. Der har dei eit heilt hus til disposisjon, på garden der Senneset voks opp. Her øver dei, her skapar dei musikken og her bur dei når dei er på dei kantar.

Det er all grunn til å vente seg fleire godbitar frå det kvite huset nær havet på Bremangerlandet framover.