Som 16-åring sendte Kacper Tratkowski beats til Arif og Silvana Imam. Den By:Larm-aktuelle rapparen starta å rappe fordi ingen ville bruke beatsa hans.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Ingen er vegetarianarar, men er det mogleg å få ein kopp te? spør Safario etter fullført konsert på Vinjerock.

24-åringen føler seg lett og buzzin etter å ha sett fyr på publikum saman med kompisgjengen og teke bilete med ein firhjuling i fjellheimen.

Bandkontakt Amund har etter beste evne prøvd å få kompisgjengen ned att på jorda og klare for intervju med Framtida.no.

Frå Slottsfjell til Vinjerock

Denne helga spelar Safario på bransjefestivalen By:Larm i Oslo.

Når Framtida.no møter Safario og resten av det ferske bandet hans er det midten av juli og nesten nøyaktig seks år sidan han og Lasse Lokøy møttest på Slottsfjellfestivalen.

Kacper var 18 år gamal og hadde ofra russetida og karakterar for musikken. Det resulterte i at han fekk varme opp for Arif og vart invitert av Urørt til å spela på P3-scena på Slottsfjell 2018.

Lokøy, som går under artistnamnet Lokoy, spelte på same festival saman med bandet Sløtface og var på veg til Vinjerock for neste jobb. Allereie den gongen var Lokoy fan av musikken til Kacper Tratkowski, som er namnet til artisten Safario.

Lokoy hadde nyleg debutert som soloartist i duett med sjølvaste girl in red. Marie Ulven, som ho eigentleg heiter, gjekk i same klasse som Safario på Horten vgs.

Det stod altså ikkje på talent og pågangsmot bak skulepultane i Vestfold.

«Bro, det bassen er insane»

Når Lokoy skal skildra musikken til Safario går han for ordet «omsynslaus».

Lasse meiner songen heitte Robin Hood, medan Kacper meiner det er songen Mowgli, som ikkje lenger er ute. Uansett var det fengande.

– Så eg berre: «Kva er det med den bassen?» Det er heilt fucka og weird. Ingenting gjev meining, men det låt så jævla kult, minnast kollegaen på klingande stavangersk.

Etter å ha proklamert at «Bro, det bassen er insane», fann dei to tona òg musikalsk.

Låta Suck on my tits kom aldri ut, men kort tid etter kom Baby Blue og GO CRAZY, GO STOOPID.

Tastefeil på skule-pc

Musikkeventyret til Kacper starta då han i ein alder av 16 år byrja å laga beats på skule-pc-en sin heime på guterommet.

Artistnamnet Safario fann han på etter å ha laga ein beat som minna han om safari. Fingrane løp raskt på tastaturet og la til ein ekstra O på slutten, men dette var før han kjende Safari Shabani. TV-profilen kjend frå 71 grader nord-team har vore dj for Safario fleire gonger og er ein naturleg del av kameratgjengen, som framleis ikkje har landa heilt etter sin første store felleskonsert.

– Eg var kanskje litt nervøs, men eg følte meg òg trygg når alle dei gutane var med å spela med meg, erkjenner hovudpersonen sjølv.

Før sommaren sleppte han sitt sjølvtitulerte debutalbum Safario. Å kome ut på scena å sjå responsen på musikken han har sitta og jobba med er noko han set stor pris på.

Punk frå Gamlebyen

Musikk har alltid vore ein stor del av kvardagen til Safario. Foreldra spelte polsk jazzmusikk frå heimlandet. I oppveksten på Jordal i Oslo var han trommis i punkebandet No reason why som spelte coverversjonar av Misfits og Green Day.

– Det var eit sånn punka miljø. Gamlebyen var litt sånn: Skating og høyra på punk, Wu Tang Clan og hiphop. Det var veldig blanda musikkmiljø, men det var veldig stort musikkmiljø på Løkka og i Gamlebyen, minnast han.

Grunnen til at han byrja å rappe sjølv var ganske enkelt at ingen ville rappe til beatsa han laga.

– Eg sende til Arif, Silvana Imam, svenske rapparar, norske rapparar, men ingen ville rappe på dei for det var ganske dårlege beats, så eg tenkte: Eg må gjera det sjølv.

– Kva som gjorde at du hadde den trua på deg sjølv?

– Eg anar ikkje, ler Kacper.

– Ein må jo vera litt naiv og delusional. Ein er jo det når ein er 16. Kva er det verste som kan skje, liksom?

Engelsk rap i Noreg

Etter kvart har Kacper byrja å eksperimentera litt meir med ulike sjangrar, noko han meiner har gitt eit meir autentisk uttrykk.

– Engelsk rap er jo ikkje stort i Noreg, bortsett frå hitsa, 21 savage og Travis Scott, liksom. Og Drake. Men det er jo norsk. Det er det språket ein er i som gjeld.

Trass i at han sjølv har valt engelsk som arbeidsspråk, synest han at dei norske tekstane slår mykje hardare.

– Me høyrde på Tøyen Holding på vegen hit. Det var heilt sjukt. Det var dritbra. Det hittar så close to home. Så høyrde me på nokre engelske songar, og det høyrest feitt ut, men me relaterer ikkje til det på same måte som Tøyen Holding, seier Kacper engasjert.

Stilmiks frå hjartet

Men når han får spørsmål om kven han ser opp til om dagen er han ikkje i tvil:

– Eg ser opp til Lasse.

Både Kacper Tratkowski og Lasse Lokøy er inspirert av band som britiske Bloc Party, Linkin Park, og andre ting dei begge høyrde på i oppveksten.

– Så blanda me dei ulike stilane saman til noko som kom litt meir frå hjarta.