Vekas viktigaste: Kina-besøk, Mexico-reform og tyfon i Vietnam
Blinkskot frå den siste nyheitsveka. | Foto: Heiko Junge / NTB / POOL, AP Photo/Hau Dinh, Foto: AP Photo/Felix Marquez, kollasj av Framtida.no.
Les deg opp på nokre av dei viktigaste sakene frå den siste nyheitsveka!
Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Støre i Kina
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har denne veka vore i Kina på eit tre dagar langt offisielt besøk. Besøket markerte 70 år med diplomatiske band mellom Noreg og Kina.
– Vi er samde om meir samarbeid på fleire viktige område. Det er ønske om handel, samarbeid på grøn industri og grøn omstilling, sa Støre etter møtet med presidenten, ifølgje NTB.
Den norske statsministeren skal ha tatt opp både krigen i Ukraina og Gaza, og dessutan menneskerettar i Hongkong og situasjonen til uigurane i Xinjiang og minoritetane i Tibet. Den kinesiske presidenten skal ha svart at det er interne saker i Kina.
President Jinping skal elles ha forsikra om at nordmenn ikkje lenger vil trenge visum for reiser til Kina på inntil 15 dagar.
Støre og den kinesiske statsministeren signerte vidare ei rekke avtalar om klimasamarbeid, skriv NTB.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) møter Kinas president, Xi Jinping, i Beijing. | Foto: Heiko Junge / NTB / POOL
Opptøyar og rettsreform i Mexico
Tysdag tok demonstrantar seg inn i senatet i Mexico. Grunnen var at dei ville stanse ein debatt om ei omstridd rettsreform, skriv NRK.
Reforma, som vart føreslått av landets avtroppande president Andres Manuel Lopez Obrador, inneber at dommarane skal veljast av folket.
Dei som er imot reforma, meiner ho vil føre til ei politisering av rettssystemet og at det vil undergrave domstolane si uavhengigheit. Nokre av dei som har åtvara mot endringa, er USA og Canada. Fleire tusen arbeidarar i den juridiske sektoren har òg streika mot reforma.
Dei som er for reforma, meiner at ho er viktig for å hindre korrupsjon.
No har det meksikanske senatet støtta opp om reforma, skriv NRK onsdag. Dei melder at senatet skal diskutere detaljane i reforma vidare, før ho blir endeleg godkjent.
Demonstrantar har teke seg inn i det meksikanske senatet tysdag 10. september for å demonstrere mot ei rettsreform. | Foto: AP Photo/Felix Marquez
Åtak på skule i Gaza
Onsdag vart ein skule i Gaza råka av eit israelsk åtak. Minst 14 personar blei drepne i åtaket. Ifølgje FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten (UNRWA) jobba seks av dei døde for organisasjonen.
Skulen ligg i flyktningleiren Nuseirat på Gazastripa. Bygninga blir for tida brukt som tilfluktsstad for internt fordrivne. FNs generalsekretær António Guterres skriv i ei melding på X at det som skjer i Gaza er fullstendig uakseptabelt.
Ifølgje Den israelske hæren (IDF) var åtaket eit presisjonsåtak frå det israelske flyvåpenet mot Hamas-terroristar som dei meiner hadde ein kommandosentral i skulebygninga. Dei siste månadane har Israel gått til åtak på fleire skular. Hamas avviser at palestinske militsar gøymer seg blant dei sivile, skriv NTB.
Ein israelsk tanks har utsikt over Gazastripa, sett frå det sørlege Israel onsdag 11. september 2024. | Foto: AP Photo/Tsafrir Abayov
Over 200 døde etter tyfon i Vietnam
Etter at tyfonen Yagi råka Vietnam, er 233 personar stadfesta døde, skriv nyheitsbyrået AP torsdag. 103 personar er framleis sakna etter ekstremvêret og over 800 er skadde som følgje av tyfonen som trefte landet i Søraust-Asia.
Ein tyfon er ein tropisk syklon. Viss syklonen er i det nordlege Stillehavet, kallar vi det ein tyfon, medan han blir kalla orkan i Nord-Atlanteren.
Yagi er den sterkaste tyfonen som har råka Vietnam på fleire tiår, melder AP. Vêrfenomenet trefte land laurdag med ein vindstyrke på opptil 149 kilometer i timen.
Sjølv om vasstanden har gått noko ned, er framleis mange område i hovudstaden Hanoi overfløymde etter at elva Red River gjekk over breiddene sine. I det nordlege Vietnam vart ein heil landsby teken av eit jordskred, skriv The Guardian.
Før tyfonen nådde Vietnam, råka ekstremvêret Sør-Kina og Filippinane, og minst 24 menneske mista livet der, ifølge The Guardian.
Avisa skriv at klimaendringar har ført til at tyfonar i regionen blir danna nærmare kysten, intensiverer seg raskare og held seg lenger over land.
Overfløymde gater i Hanoi i Vietnam torsdag 12. september. Ein mann nyttar båt for å kome seg fram, medan andre vassar med eigedelane sine i det høge vatnet. | Foto: AP Photo/Hau Dinh
Lyspunkt: Lanserer app som skal førebyggje sjølvmord
Tysdag 10. september var verdsdagen for førebygging av sjølvmord. I samband med markeringa vart appen Stay Alive lansert på norsk av LEVE – Landsforeningen for etterlatne ved sjølvmord. Appen skal fungere som eit sjølvhjelpsverktøy for både personar med sjølvmordsrisiko og pårørande.
I appen kan ein lage sin eigen tryggingsplan, finne informasjon og minne seg sjølv på gode ting.
Den engelskspråklege versjonen av appen er lasta ned 720 000 gonger sidan lanseringa i 2014.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.