Tuva (28) vel fridom over leilegheit og pensjonspoeng

Tuva Bjørnstad (28) bur i bil og et grønsaker frå mors hage. Ho kjenner seg heldig som får jobba med noko ho brenn for.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

– Eg plar å seia at eg jobbar med pust, og då seier folk hæ? ler Tuva Bjørnstad.

28-åringen frå Gan utfor Lillestrøm er akkurat ferdig med å rettleia festivaldeltakarar i eyegazing på Vinjerock i Jotunheimen.

Menneskemøte

Seks framande går sakte rundt og ser på dei fjellskokledde føtene sine mot røter og lyng. På oppmoding frå ei roleg kvinnestemme finn skoa kvarandre, blikka vandrar oppover og menneske møtast. I morgon er det breathwork på programmet.

– Herregud, det er jobben min! kjem det entusiastisk frå Tuva Bjørnstad, som somme tider må klypa seg litt i skuldra over å ha ein så gøy og gjevande jobb.

– Sjølvsagt er det ein liten veg til at det er eit fullt levebrød, men det er eg òg innforstått med. Det tek tid, men den tida er eg villig til å gje det, understrekar ho.

Sjølvstendig næringsdrivande

I februar 2021 brukte ho eigenkapitalen ho hadde spart opp til leilegheit og kjøpte bilen som fungerer som heim og hovudkontor. Ho har nyleg vore fem månader på reise og sommaren har gått med til å reisa rundt på ulike festivalar med breathwork og eyegazing.

Hennar karriereveg er òg ein livsstil, som betyr at ho ikkje har ei fast og stabil inntekt.

I 2022 var det 329 000 sjølvstendig næringsdrivande i Noreg. Desse hadde ei gjennomsnittleg årsinntekt på 321 600 kroner.

Ein tredel av desse hadde til liks med Bjørnstad hovudinntekta si frå næring, medan resten har inntekta i tillegg til andre former for fast inntekt.

Dei fleste blir altså ikkje rike av å jobba som sjølvstendig næringsdrivande, men ein vert rik på andre ting.

– Det er noko utruleg gjevande med å gjera som ein vil. Men då handlar det kanskje om å veta litt kva ein vil, og det er ikkje alltid så lett det heller, reflekterer ho.

Støtte rundt

Utanom fire månader som gartnar har Tuva Bjørnstad aldri hatt ein vanleg «åtte til fire»-jobb. Somme tider kan ho kjenna på usikkerheit knytt til det å driva for seg sjølv, alt ein skal gjera riktig med tanke på marknadsføring og rekneskap. Då hender det at ho prøver å gå inn på Finn.no for å sjå etter ein fast jobb.

– Så får eg det ikkje til. Det er noko som stoppar meg. Då får eg fylt på med endå meir styrke til å vera tolmodig i den prosessen eg er i, seier Tuva Bjørnstad.

28-åringen vil ha eit liv som i større grad handlar om dei enkle tinga, som gjev livet meining.

Ho trur at årsaka til at mange ikkje har det så bra i dagens samfunn, er at dei fyller tida i livet med ting dei eigentleg ikkje bryr seg så mykje om.

Disiplinert budsjett

Utsikta frå heimen hennar endrar seg oftare enn for dei fleste andre, men ho ofrar noko tryggleik for å få denne fridomen.

Som ny næringsdrivande har ikkje Tuva noka stabil inntekt og anslår at ho kan halda kostnadane nede til 3–4000 kroner i månaden når bilen står i ro og ho får tilskot av grønsaker frå mors hage.

Inntektene kan variera frå 5000 til 15 000 kroner i månaden, og plutseleg dukkar det opp uventa kostnadar knytte til transport, utstyr og lokale.

Det å våga å gjera ting på ein litt annan måte krev ein del når det kjem til både tolmod, struktur og disiplin.

– Eg kan kosa meg veldig med det, men det er jo ein periode. Eg har jo veldig lyst til å kunna ta med vener ut på middag og spandera litt på dei og gjera slike ting.

Rekneskap og pensjon

Som sjølvstendig næringsdrivande er det stadig nye ting å læra. For Tuva Bjørnstad har rekneskap og forskotsskatt vore det aller største hinderet.

– Eg kjenner at det har gjort det skummelt å våga å tena pengar òg, fordi eg ikkje veit om eg gjer ting riktig med rekneskapen, seier Bjørnstad, som fryktar det kan skremma folk frå å gjera eit eventuelt levebrød ut av hobbyen.

Ho reagerer òg på at ein som sjølvstendig næringsdrivande må skatta av overskotet, uansett om dette berre er 3000 kroner.

Bjørnstad er klar på at ho òg har ofra noko i prosessen, som pensjonspoeng og det å spara til leilegheit. Det uroar ho ikkje nemneverdig, sjølv om ho er på veg mot ein stad der ho ynskjer seg litt meir stabilitet i bustadsituasjonen.

– For meg er det ein tryggleik å ikkje ha den tryggleiken, for då veit eg at eg har makta over mitt liv og eg kan bestemma kva eg vil gjera

Andre nestleiar i Unge Venstre, Omar Svendsen-Yagci. | Foto: Unge Venstre

Unge Venstre: – Byråkratimølle

Framtida.no forklarar situasjonen for Omar Svendsen-Yagci, andre nestleiar i Unge Venstre. Han er heilt einig i at det er for vanskeleg å vera sjølvstendig næringsdrivande i Noreg.

– Eg trur personen de har snakka med er ein god illustrasjon på korleis mange gründerar opplever det. Eg trur mange opplever at det er eit gigantisk papirvelde og ei byråkratimølle, seier Svendsen-Yagci på telefon til Framtida.no.

Unge Venstre-politikaren meiner betre rettleiing og det å innføra fleire valfag i skulen som kan rettast inn mot entreprenørskap, er viktige tiltak.

Han peiker på at me i vår oljeavhengige økonomi treng folk som startar for seg sjølv.

– Det må bli lettare å starta opp mindre bedrifter. Det er me avhengige av. Om me skal klara det grøne skiftet og bli mindre avhengige av oljesektoren i framtida, er me avhengige av at fleire skapar arbeidsplassar for seg sjølv og andre. Me må kunna skapa for å dela, understrekar han.

Skattelette og sosiale gode

For å leggja betre til rette for gründerverksemd tek han til orde for eit midlertidig skattefritak opp til ein viss sum for små og nyoppstarta bedrifter.

– Har du ein idé og har eit høgt skattetrykk, vil det vera ei utfordring for mange. Noreg bør vera på lag med dei som skal gjera idear til verkelegheit og skapa verdiar.

Ikkje minst etterlyser politikaren likestilte sosiale rettar for sjølvstendig næringsdrivande og andre arbeidstakarar.

– I dag er det slik at gründerar berre har rett på 80 prosent sjukepengar frå Nav. Det kan ikkje vera slik at ein har mindre sosiale rettar om ein tør å ta ein risiko.

Våg å gjera

– No har eg valt å satsa på – ein karriere då – ved å våga å satsa økonomisk i den retninga eg trur det er veldig behov for i dagens samfunn, seier Tuva Bjørnstad.

Somme tider kan 28-åringen få ei aha-oppleving av at ho no går sin eigen veg og jobbar med noko ho verkeleg brenn for, noko ho tidlegare har sett opp til andre som gjer.

– Det er noko veldig, veldig kraftfullt i å tora å gjera ting ein ikkje heilt vågar, og også våga å gjera det litt dårleg. At det òg går bra, avsluttar ho.