Unge kan få skattelette – regjeringa vil heve frikortgrensa

Regjeringa vil bruke 515 millionar kroner på å justere opp frikortgrensa frå 70 000 til 100 000 kroner. Slik kan fleire med låg inntekt sleppe skatt.

NPK-NTB
Publisert

– Det betyr vel 6500 kroner i året for ein ungdom som tener 100 000 kroner, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til VG.

Målet er å få fleire unge til å jobbe. Det er viktig for mellom anna butikkar og restaurantar, ifølgje Vedum. Det kan også vere viktig for dei unge.

– I eit samfunn der unge jobbar, blir arbeidsløysa veldig mykje lågare, fordi unge som tidleg venner seg til jobb, i mykje større grad blir med vidare i arbeidslivet, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) til avisa.

Også folk som tener opptil 145 000 kroner vil spare på ordninga. Årsaka er at skatten på den første skattbare inntekta blir noko lågare enn før.

Regjeringas budsjettpartnar SV er veldig positiv til å heve frikortgrensa, og Kari Elisabeth Kaski seier at dette var på tide.

– Eg er glad for at Vedum omsider tek tak i dette, og SV kjem til å støtte dette når vi skal forhandle budsjett med regjeringa, seier ho til NTB.

Nyheita frå regjeringa er ein lekkasje frå statsbudsjettet, som blir lagt fram måndag 7. oktober.