Vekas viktigaste: FN-rapport, Taliban-reglar og prinsessebryllaup
Her er nokre av dei viktigaste sakene frå veka som gjekk.
Her er nokre av dei viktigaste sakene frå veka som gjekk.
Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Det er tre år sidan Taliban tok makta i Afghanistan.
Den islamske gruppa har allereie innført lover som nektar jenter å gå på skule etter sjette klasse. Det betyr at jenter berre får gå på skulen til dei er 12 år gamle, noko FN fordømmer.
Tysdag la Departementet for å fremma dyd og hindra laster fram ei rekkje nye lover, der fleire innskrenkar kvinners rettar, melder nyheitsbyrået AP.
Dei nye lovene inneber at:
Moralpolitiet kunne òg fortelja at dei det siste året har fengsla over 13 000 personar for umoralske handlingar, konfiskert 21 328 instrument og sparka 281 menn utan skjegg frå tryggingsstyrkane, ifølgje NRK.
Taliban ser òg på all musikk som haram, altså mot Guds lover.
Laurdag vart mangemilliardær og tech-gründer Pavel Durov (39) arrestert på ein flyplass i Paris.
Telegram-sjefen vert skulda for manglande samarbeid med myndigheitene og mangel på moderering av innhaldet på den krypterte meldingstenesta, og slik ha bidrege til narkotikahandel, overgrep mot mindreårige og bedrageri, melder Reuters.
Meldingstenesta Telegram vart stifta i 2013 og har i dag over 900 millionar aktive brukarar, der mange er i Russland og andre tidlegare Sovjet-statar.
Durov har sjølv vore kritisk til Putin. Telegram har vorte ei populær meldingsteneste både for motstandarar av Putin, og russiske styrkar som er i krig.
Den kontroversielle gründeren bak Telegram er fødd i Russland, men skal ha blitt fransk statsborgar i 2021.
Den franske presidenten Emmanuel Macron gjekk måndag ut på X for å understreka at arrestasjonen på ingen måte var politisk motivert.
Meldingstenesta Telegram skriv i ei utsegn sitert av Kode24 at dei følgjer EU-lover.
– Det er absurd å hevda at ei plattform eller dens eigar er ansvarleg for misbruk av plattforma, skriv selskapet.
Durov vart lauslaten mot ein kausjon på 5 millionar euro, men får ikkje forlata landet.
Denne veka var FNs generalsekretær António Guterres til stades på Tonga, for å lansera to alvorlege FN-rapportar.
Den eine tek føre seg klima sørvest i Stillehavet, og den andre stigande havnivå.
Den første slår fast at klimaendringane trugar stillehavsøyane, at havnivået her stig meir enn gjennomsnittleg og at stiginga er aukande.
– Dette er ein sjuk situasjon. Stigande havnivå er ei krise som er utelukkande menneskeskapt, ei krise som snart vil auke til ein nesten uhandgripeleg storleik, utan nokon livbåt til å redda oss, sa Guterres i talen sin.
– Men om me reddar Stillehavet, reddar me òg oss sjølve. Verda må handla og svara på SOS-signalet før det er for seint.
Denne veka har det vore oljemesse i Stavanger, der leiarar frå heile verda har samla seg.
Ifølgje aktivistgruppa var det rundt 100 personar som deltok i blokaden som forsøkte å stanse olje- og energikonferansen, skriv NTB. Dei meiner oljemessa driv med grønvasking.
Arrangørane var førebudde på demonstrantar, og messa har aldri hatt så mykje sikkerheit, sa direktør Leif Johan Sevland til NRK.
Aktivistane vart bore vekk måndag, men XR var tilbake att onsdag med ein aksjon mot det franske oljeselskapet Total Energies, der fleire møtte opp med bar overkropp og slagord som «Oil Kills» måla på seg. Fleire reagerte på aksjonen, inkludert Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Til VG seier XR-leiar Jonas Kittelsen at aksjonen heiter «The Naked Truth», og er ein reaksjon på at selskapet ikkje har ein skikkeleg omstillingsplan vekk frå utvinning av olje og gass.
Laurdag brast ein demning i Sudan etter kraftig regnfall i området, melder internasjonale medium.
Måndag melde FN om minst 30 dødsfall, eit tal som truleg er langt høgare. Fleire hundre var sakna etter ulukka.
Arbaat-demningen som brast ligg nord for byen Port Sudan, og var byens viktigaste drikkevasskjelde.
70 landsbyar skal vera påverka av flaumen, der 20 er totalskadde. Flaumen har teke med seg infrastruktur, borebrønnar og skular, ifølgje FN.
Laurdag vert eit av årets mest omtala bryllaup gjennomført, når prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett giftar seg i Geiranger. Den fire dagar lange feiringa starta torsdag i Ålesund, med fleire festar gjennom helga.
Opp mot bryllaupet har det vore spekulasjonar rundt kven som kjem, og korleis politiet skal løyse det kongelege bryllaupet. Kongeparet, kronprinsparet, prinsesse Ingrid Alexandra, prins Sverre Magnus og prinsesse Astrid kjem til å vera der under sjølve bryllaupet. Marius Borg Høiby har etter råd frå advokaten sin reist til Italia. Han har denne veka vore i avhøyr, sikta for skadeverk og kroppskrenking mot ein tidlegare kjærast.
Heile 130 journalistar vil dekke bryllaupet, men britiske Hello Magazine og spanske Hola har fått eksklusive bileterettar.
Politiet har stadfesta at dei ber våpen under feiringa.