Jakob Ingebrigtsen med ny verdsrekord
Den norske løparen knuste ein rekord som har stått sidan 1996.
Då Jakob Ingebrigtsen deltok i Diamond League-konkurransen i Polen 25. august, slo han ein 28 år gamal verdsrekord. Han slo den gamle rekorden på 3000 meter med over tre sekund då han kryssa målstreken på tida 7.17,55.
Kenyanske Daniel Komen sprang inn til den gamle rekorden på 7.20,67 i 1996.
Det var ein svært glad og sjokkert utøvar som kryssa mållinja. På bana var det ei lysstripe som han må springe raskare enn for å ta verdsrekorden, og Ingebrigtsen avslører at han var livredd for at lyset skulle ta han igjen mot slutten.
– Det er drygt å kome over mål. Det er vanskeleg å beskrive, men det er sinnssjukt rått. Det er ei fantastisk kjensle, sa han etter løpet.
Løparen frå Sandnes har òg verdsrekorden på 2000 meter, 1500 meter innandørs og har tittelen «verdas beste» på to engelske mil. I OL i Paris i sommar henta han heim gull på 5000 meter.
Den ferske verdsrekordhaldaren på 3000 meter slakkar ikkje på ambisjonane. På Instagram skriv han «Tre gjennomført, sju igjen» om verdsrekordane han drøymer om å ta etter gulløpet.
Se dette innlegget på Instagram