Gauteshow S02 – ofte meir drygt enn morosamt

Likevel er det ei lita spenning i å sjå kor langt dei kan dra vitsen, medgjev meldar Ola B. Vik.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert

Denne meldinga er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

NRK sitt kontroversielle talk show er tilbake for ein ny sesong, som òg vert den siste. For meg så treffer ikkje humoren heilt, ofte vert det meir drygt enn faktisk morosamt.

Gauteshow har den titulære Gaute Berg Ness i spissen og sidekick Snorre Kind Monsson på sida. I kvar episode får dei tre gjestar som dei bombarderer med spørsmål ein ikkje ville stilt i eit vanleg tv-program. Det blir ei spesiell tv-oppleving, ofte klein og av og til morosam.

Deira humor

Dei er tydeleg inspirert av program som Between Two Ferns og The Eric Andre Show, som er andre absurde parodiar på talk show-sjangeren.

Mykje av humoren kjem ifrå konteksten; storslåtte studio med dagsaktuelle kjendisar i sofaen er bytt ut med to skrullete vertar som intervjuar tilsynelatande tilfeldig utplukka gjester som sit i ein litt for liten sofa.

Vertane er gode på det dei gjer. Sjølv om dei har eit manus, er mykje improvisert, og det er tydeleg at dette er deira humor. Når dei spelar på det absurde er dei skikkeleg gode, og det er nesten som å sjå på ein god episode av The Eric Andre Show.

Kontroversielle spørsmål

Eg synest ikkje vitsane dei ofte drar med å stilla eit kontroversielt spørsmål, etterfølgd av klein stille, er så veldig artige. Det er sjølvsagt ei smakssak, om du likte førre esong vil du like denne også.

Program som dette er best når gjestane er med på spøken. Eg vil mykje heller sjå at dei er forvirra enn ukomfortable. I episodane eg har sett har dei litt for mykje av det siste.

Likevel er det ei lita spenning i å sjå kor langt dei kan dra vitsen. Ein veit jo at det ikkje går for gale, det blir vist trass alt på NRK.

Dei finn ein god balanse i fyrste episode, litt som i ein skrekkfilm, kor ein aldri veit kva tid monsteret sprett fram. Eller skjelpadder som breakdancer, som det var i dette tilfellet då.

Grov for å vera grov

I fyrste episode får dei besøk av Thomas og Harald, kjent frå Senkveld på TV 2. Den gamle garden gjer det godt i møte med dei unge talk show-vertane, og vitsane er artige utan å måtta lena seg for mykje på sjokkfaktor. Dei tøyar grensene litt med gjest Salum Ageze Kashafali, der dei snakkar utelukkande om hudfarge og å vera blind, men dei gjer det på ein ikkje-ubehageleg måte. Dessverre er dette høgdepunktet av det eg har sett av sesong 2.

Andre episode treffer ikkje like godt. Humoren går mest ut på å vera grov for å vera grov, som ikkje fenger meg denne gongen. Same med tredje episode, som vart einsformig i lengda med mykje seksualisering og homo-vitsar, som ikkje var særleg artig, verken fyrste eller siste gongen.

Ønskjer meg eit raskare show

Eg ønskjer meg eit Gauteshow som er raskare, meir absurd og mindre drygt, og som speler med gjestene sine og ikkje på dei.

Heldigvis kan ein alltids sjå på programma dei er inspirerte av.

Terningkast: 2