Nesten 1000 artiklar om Høiby på to veker

Dei siste to vekene er Marius Borg Høiby omtalt i 938 oppslag i norske redaksjonelle medium. Dekninga har avslørt ei blindsone i Ver varsam-plakaten, meiner Eva Sannum.

NPK-NTB
Publisert

Tal Klassekampen har henta inn frå Retriever, viser at Marius Borg Høiby vart omtalt i 938 oppslag i norske redaksjonelle medium i perioden frå 6. til 19. august.

Det enorme medietrykket meiner Eva Sannum er eit godt døme på det ho meiner kan kallast blindsonene til presseetikken. Sannum har mange års erfaring frå Pressas faglege utval og jobbar no med medierådgiving.

– Sjølv om dei fleste enkeltoppslag kan rettferdiggjerast presseetisk, blir heilskapen for massiv. Det er ingen punkt i Ver varsam-plakaten som handlar om det totale omfanget i medietrykket mot ein person når redaksjonar vil vere nyheitsleiande og stadig leitar etter nye innfallsvinklar, seier Sannum.

6. august vart offentlegheita kjend med at kronprinsesse Mette-Marits son Marius Borg Høiby var pågripen og sikta etter ei valdshending mot ei kvinne på Frogner i Oslo.

Flest oppslag – 137 – vart publiserte 14. august, då Høiby kom med ei offentleg uttale. Der fortalde Høiby at han ville stå til ansvar for det han hadde gjort – og han informerte samtidig om utfordringane sine med psykiske lidingar og rus.