Støre og Vedum kom best ut av partileiardebatten
Ifølgje terningkasta i media var det Jonas Gahr Støre (Ap) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) som vann partileiardebatten torsdag. Begge fekk terningsnitt på 4,5.
NTB har rekna ut snittet frå terningkasta til kommentatorane i VG, Dagbladet, Nettavisen og TV 2 etter partileiardebatten under Arendalsveka torsdag kveld.
Så vidt under snitt-vinnarane finn vi Sylvi Listhaug (Frp) og Erna Solberg (H), som begge fekk eit snitt på 4,25.
Heile terningkast-tabellen
- Jonas Gahr Støre (Ap): 4,5
- Trygve Slagsvold Vedum (Sp): 4,5
- Sylvi Listhaug (Frp): 4,25
- Erna Solberg (H): 4,25
- Guri Melby (V): 4
- Marie Sneve Martinussen (R): 3,5
- Kirsti Bergstø (SV): 3,25
- Dag-Inge Ulstein (KrF): 3
- Arild Hermstad (MDG): 2,5
Både TV 2 og VG gir statsministeren femmar på terningen. VG meiner Støre er tydeleg og klar gjennom heile debatten, og at han forklarer enkelt kvifor han held fast ved at han meiner folk får betre råd i år.
– Det står framleis att å sjå om folk får merkbart betre økonomi, men argumentasjonen er overbevisande. Særleg god når han snakkar om kronekursen, som er eit rimeleg tungt tema, skriv avisa.
Fekk seksar på terningen
Sylvi Listhaug (Frp) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er dei einaste som får terningkast 6 etter partileiardebatten torsdag. Begge frå TV 2. Dei beskriv partileiardebatten som «Vedums soleklart beste nokosinne».
– Er gjennomgåande god retorisk og er aldri så famlande og unnvikande som han tidlegare har vore i periodar under slike debattar, skriv TV 2.
TV 2 erklærer Listhaug som debattvinnar, saman med Vedum som dei omtaler som hennar «draumemotstandar».
– Ho gjekk ut i hundre mot politikken til regjeringa for folk flest, er ideologisk i forsvaret av skatte- og avgiftslette, og fintar seg unna fleire angrep, konkluderer TV 2.
Derimot får Listhaug ein trear frå Dagbladet. Dei meiner ho er effektiv med beinhard Frp-politikk mot ungdomskriminalitet, men set spørsmålsteikn ved at ho hevdar at investorar blir skremde av politisk risiko.
– Men er det verkeleg sant? Alle dei store økonomiane i verda har skatteflyktningar, langt fleire enn Noreg, påpeikar Dagbladet.
Hermstad og Ulstein kjem dårlegast ut
Arild Hermstad (MDG) kjem dårlegast ut, med eit terningsnitt på 2,5. VG, som gir han terningkast tre, rosar han som den einaste som stiller seg i opposisjon til kravet om meir kjøpekraft og meiner det er forfriskande at han argumenterer sterkt for EU.
– Men Hermstad slit også denne gongen med altfor snirklete argument, og bør øve inn nokre treffande slagord til neste debatt, skriv VG.
KrF-nestleiar Dag Inge Ulstein, som vikarierer for ein sjukmeld partileiar Olaug Bollestad, kom nest dårlegast ut av debatten, ifølgje terningkasta.
Det er spesielt når han blir utfordra på konflikten rundt den sjukmelde partileiaren han slit, skriv TV 2, som gir han ein trear på terningen. Samtidig meiner dei han klarte seg godt i duellen med forsvar av kongefamilien og meiner den einaste debutanten i debatten alt i alt leverer til godkjent.
– Han dreier det meste inn mot barnefattigdom og rettar fokus på familiane, men kjem med eit litt overraskande og godt retorisk forsvar av pengepolitikken, skriv TV 2.