Stonehenge var ein gamal solkalender
Mysteriet rundt kvifor forhistoriske britar bygde Stonehenge ser ut til å ha vorte løyst. Ny forsking stadfestar at monumentet fungerte som ein eldgamal solkalender.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om sand frå Sahara som gir raud himmel i Spania.
Professor Timothy Darvill frå Bournemouth University har komme fram til at steinsirkelen Stonehenge vart designa som ein kalender basert på eit solår på 365,25 dagar.
Kalenderen skulle hjelpa folk med å halda styr på dagane, vekene og månadene, skriv Kids News.
Forskinga, kalla Keeping time at Stonehenge, vart først publisert i tidsskriftet Antiquity.
Forskarar har i fleire tiår krangla om hensikta med Stonehenge. Det finst mange ulike teoriar – til dømes at steinsirkelen vart bygd for å halda offerseremoniar eller kanskje som ein tidleg kalender.

Frå bronsealderen
Stonehenge er eit forhistorisk monument i England. Det består av ei sirkelforma steinsetting, omgitt av ei ringgrav og ein rund jordvoll. Steinsettinga blei truleg reist mellom 2500 f.Kr. og 2000-talet f.Kr., det vil seia i bronsealderen, medan vollen og grava er frå rundt 3100 f.Kr., altså yngre steinalder.
Stonehenge blei sett på UNESCO si verdsarvliste i 1986.
Professor Darvill har forska på andre eldgamle kalendersystem for å finna ut kva Stonehenge vart brukt til.

Spesiell kalender
– Kalenderen fungerer på ein veldig grei måte. Kvar av dei 30 steinane i sirkelen representerer ein dag i løpet av ein månad. Månadene er delte inn i tre veker kvar på 10 dagar, seier han til Kids News.
Ein slik kalender, med 10-dagars veker og ekstra månader, kan verka uvanleg i dag, men var vanleg i mange kulturar i denne perioden, ifølgje professoren.
– Ein slik solkalender vart utvikla i det austlege Middelhavet i hundreåra etter 3000 f.Kr. og vart adoptert i Egypt som kalender rundt 2700 f.Kr. Den vart mykje brukt i starten av det gamle riket rundt 2600 f.Kr., seier professor Darvill.
- Les også: Fann enorm gullskatt med metalldetektor