Noko lagar «mørkt oksygen» på havbotnen
– Dette er utruleg spennande, og om det stemmer, så er det ei skjelsetjande oppdaging, seier ein norsk forskar om funn på havbotnen frå ei internasjonal forskargruppe.
Det har lenge vore allment kjent at fotosyntesen dannar oksygen. Ved hjelp av sollys blir vatn og CO2 til oksygen. No har forskarar oppdaga at det blir skapt oksygen på ein uventa stad, 4 000 meter under havoverflata, i stummande mørke der ingen solstrålar kjem til.
Forskarane kallar det «mørkt oksygen», oksygen som blir laga utan lys.
– Det er nærmast eit paradigmeskifte om det stemmer at denne prosessen skjer i stor skala, seier Steffen Leth Jørgensen, forskar i geobiologi og leiar i Senter for djuphavsforsking ved Universitetet i Bergen til Forskning.no
Det ser ut til at metalliske klumpar på havbotnen kan fungere som eit naturleg batteri og splitte vatn til hydrogen og oksygen. Om produksjonen viser seg å vere betydeleg, opnar det blant anna for nye spørsmål om utviklinga av livet.
Dei fleste dyr som består av meir enn ei celle, treng oksygen. Leth Jørgensen seier dei alltid har trudd at oksygen berre vart produsert biologisk via fotosyntesen.
– Det kan bety ei fullstendig endring av korleis vi skal forstå utvikling av komplekst liv, oksygen i atmosfæren, kvar vi skal leite etter spora og den konteksten vi forstår utviklinga av planeten vår i, seier han.
Steffen Leth Jørgensen seier det er viktig at funnet må stadfestast i andre studiar, og at det framleis er mange uavklarte spørsmål.