Kvenungdommen meiner NRK nører opp under hat og unødvendige konfliktar

«No meiner kvenene at samane har fått for mykje» og omtale av kvener som «kveg» var å høyre i eit humorprogram på NRK. – Gjer vondt, seier Henrik Madsen i Kvenungdommen.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Ein kan lage humor om alt og alle, også om sårbare minoritetar. Men ein må gjere det på rett måte, seier Henrik Madsen på telefon til Framtida.no.

Madsen er nestleiar i Kvenungdommen. Han reagerer på eit klipp frå podkasten Berrum og Beyer snakkar om greier, med komikarane Lars Berrum og Martin Beyer-Olsen.

I klippet har komikarane besøk av ein gjest som vert introdusert som «Beltedyret», som sjølv oppgir å vere kven. «Beltedyret» snakkar om ein konflikt mellom kvener og samar, og hevdar at kvenene er på «krigsstien», at dei mobiliserer mot samane og at dei meiner samane har «fått for mykje».

Under samtalen omtalar Berrum ved eit uhell kvener som «kveg», noko som gjer at dei andre bryt ut i latter. Eit videoklipp av podkasten har vorte delt på framsida til NRK.

Foto: Skjermbilete/NRK

Madsen reagerer på latterleggjeringa og at dei hausar opp om ein konflikt mellom kvener og samar.

Sjå svaret frå redaksjonssjef Tone Donald i P3 under.

– Samarbeider

Den påståtte konflikten mellom kvenene og samane dreier seg om ei NRK-sak frå tidlegare i år, der organisasjonen Kvensk-finsk riksforbund hevdar at samar og kvener vert forskjellsbehandla og sette opp mot kvarandre av staten.

Henrik Madsen slår fast at kvener og samar, i motsetnad til dette biletet som vert teikna, samarbeider godt. Han meiner det ikkje er nokon betydeleg motsetnad mellom dei to gruppene. Tvert imot viser han til at Kvenungdommen og moderorganisasjonen Norske kveners forbund (NKF-RK), den største kvenske organisasjonen i landet, samarbeider godt med samiske organisasjonar på ulike arenaer, til dømes under Oslo Pride og Riddu Riddu-festivalen.

– Podkasten framstiller det som at kvener som gruppe er på krigsstien og vil stele pengar frå samar. Det vert framstilt som ein faktisk situasjon som fleirtalet av kvener ønsker, utan at det vert problematisert. Dette er ei framstilling som mange vil høyre, og kan bli ei sanning for mange når dei ikkje får annan informasjon, seier Madsen.

– Når vi blir latterleggjort, og nokon kjem med usanne påstandar om oss, gjer det vondt. Særleg når NRK som har eit statleg mandat til å stå for folkeopplysing, vel å nøre opp om krangling, hat og hån.

Både Kvenungdommen og NKF-RK sende difor eit lesarinnlegg til NRK for å imøtegå påstandane som kom fram i podkasten, men NRK Ytring ville ikkje publisere innlegga. I staden gav dei beskjed om at leiinga for P3, som sender programmet, var gjort kjende med innlegget.

– Viss det er yngre kvenske og samiske lyttarar som høyrer dette om sin eigen identitet, bakgrunn, familie og slekt, og får ei framstilling om at det er ein kamp mellom to grupper som ein må ta side i, kan ein bli skremt vekk, når sanninga er at vi samarbeider og bur side om side, seier Madsen.

Einsidig inntrykk

Madsen viser til at kvener er ein minoritet som er lite synleg i samfunnet. Mange nordmenn kan lite om kvener og kvensk kultur, og det er ofte kvener sjølv som får ansvaret med å lære opp andre. Då er det ekstra frustrerande å sjå at statskanalen spreier slike påstandar, meiner han.

Han slår fast at NRK har eit ansvar for å formidle kunnskap om ulike grupper, og mangfaldet i det norske samfunnet. Han viser til at NRK har ei eiga kvensk avdeling – NRK Kvääni, som gjer ein god jobb, men han meiner at dei sjeldan får saker på fronten til NRK.

Henrik Madsen er nestleiar i Kvenungdommen. | Foto: Sunniva Vik

– Når dette klippet nært sagt er det einaste NRK har sagt eller skrive om kvener i det heile, blir det ståande att som det einaste inntrykket, seier Madsen.

– Ein kan seie dumme eller feile ting, men då må ein opne opp eit rom og ein arena for å lære i ettertid. Det verkar ikkje som om NRK vil ta til seg kritikken vi har kome med, seier Madsen.

– God humor er basert på kjennskap

Madsen synest ikkje NRK bør ta programmet ned, men han meiner det burde komme ei korrigering, eller at dei burde sleppe til motsvar og kommentarar.

Dessutan meiner han at ein bør trø forsiktig når ein skal lage humor som inkluderer ein minoritet.

– Ein bør i det minste sette seg inn i problemstillingane, og kven denne gruppa er, før ein vitsar om dei. Det er litt av problemet her. Ein kan lage god humor om alt og alle, men då må det gjerast på rett måte. Ein bør ikkje spreie usanningar eller skadelege bilete av gruppa, seier han.

– Humor og satire fritek ein ikkje frå ansvar. Ein kan ikkje berre komme med ein dryg påstand, som at kvener vil stele pengar frå samar, og så skjule seg bak at det er humor, slår han fast.

Han meiner det er ein føremon å snakke med gruppa det gjeld for å forstå henne betre.

– God humor er basert på sanning og kjennskap. Kor ein går vidare derifrå, er opp til komikarane sjølv, seier han.

– Og i alle tilfelle er det lurt å sparke i rett retning, legg han til.

– Intensjonen var ikkje å krenke

Framtida har vore i kontakt med NRK for ein kommentar. Tone Donald, redaksjonssjef i NRK P3, viser til ein kronikk ho har skrive til Sagat.

– Vi veit at vi må vere ekstra medvitne når dei som tilhøyrer majoriteten lagar humor og satire om minoritetsgrupper. Her meiner vi at det var programleiaranes forsnakkingar og kunnskapsløyse det vart gjort narr av, og ikkje kvener, samar eller deira relasjon, skriv ho.

Når Berrum seier «kveg» i staden for «kven», slår ho fast at det er ein ufrivillig komisk situasjon.

– Viss intensjonen var å krenke kvener med dette, har vi forståing for kritikken. Men så var ikkje tilfelle, skriv ho.

Ho viser òg til at «Beltedyret», som sjølv er kven, kjem med ei personleg spissformulering om situasjonen mellom samar og kvener, i ein humoristisk kontekst.

– Det som vert sagt, bør verken oppfattast som journalistikk eller informasjon – Berrum og Beyer er ein humorpodkast, skriv ho, og viser til at NRK Finnmark har dekt den aktuelle saka journalistisk.

Tone Donald er redaksjonssjef i NRK P3. | Foto: Nadia Frantsen, NRK.

– Det er ikkje Berrum og Beyer sitt mandat å gjere det, slår ho fast.

Til slutt skriv ho at ho forstår at kunnskapsløyse om kvener er frustrerande, og at NRK P3 ikkje ønsker å vere ein bidragsytar til det. Men ho avviser at dette er den einaste gongen NRK løftar fram kvensk innhald nasjonalt, og viser til at redaksjonen NRK Kvensk leverer journalistikk til nrk.no og andre flater jamleg.