Frp: Ut med sidemål, inn med privatøkonomi i skulen

Frp ønskjer eit obligatorisk fag i privatøkonomi for norske elevar, men utan å auke timetalet. Då må andre fag vike.

NPK-NTB
Publisert

– Norske ungdommar treng å lære meir om økonomi, seier FpU-leiar Simen Velle til NRK.

Velle meiner dårleg økonomikunnskap kan blir kostbart.

– Problemet i dag er at få unge lærer dette, og dei som lærer det, lærer det av foreldra, seier han.

Derfor vil dei ha eit eige fag om personleg økonomi i skulen. Ifølgje ungdomspartileiaren har FpU hatt dette som vedteke politikk i lang tid. No følgjer moderpartiet etter.

– Det er viktig at unge skjønner seg på kortbruk, renter, inkasso og lån. Dette er ein viktig del av livet, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.

Sidan timetalet skal halde fram med å vere det same, kan det gå ut over sidemålsundervisninga.

– Det kan vere ein del av matematikkfaget, og ein burde også vurdere tvungen sidemålsundervisning. Mange slit med norsk i dag, då er det feil å ha sidemål som eit obligatorisk fag, seier ho.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier ho er samd i at det er viktig at unge lærer om personleg økonomi, men ho vil ikkje at det skal gå ut over sidemålsundervisninga eller at det skal vere eit eige fag.

– Det er viktig at vi rettleier dagens unge på ein god måte, slik at dei kan ta gode, smarte og trygge økonomiske avgjerder. Og ikkje minst lære konsekvensane av dårlege val, seier ho.