Journalisten rår 20 år gamle seg til å slutte å røyke med det same.

– Eg var ei positiv jente, og elska å vere med på alt livet hadde å by på. Om det var å køyre i 14 timar per veg for å spele innebandyturnering ei helg, eller om det var å køyre ut til Saltstraumen for å fiske idet straumen snudde, eller å sjå Bodø/Glimt spele på Aspmyra – eg var svolten på opplevingar, minnest Carina Olset Hovda.
Den folkekjære programleiaren var som 20-åring journaliststudent i Bodø. 20-årsdagen er hennar sterkaste minne frå det året.
– Han blei brukt til å ta tatovering – ein skikkeleg «tramp stamp» på korsryggen.
OL i Paris
Carina Olset Hovda har i ei årrekke dekt ulike sportsarrangement for NRK. I 2022 gjekk ho over til PR-bransjen, men no er ho attende som programleiar for TV Norge og Max sine OL-sendingar frå Paris.
– Kva er ditt største OL-minne?
– Det minnet som sit best er nok OL-gullet til Vebjørn Rodal frå 1996. Men det som gjorde sterkast inntrykk, var då eg var til stades i Vancouver, då Håvard Bøkko vann OL-bronse. Det hugsar eg veldig godt, det var ein medalje eg verkeleg unna han.
Allereie som 20-åring hadde Hovda staka ut vegen for kva ho skulle drive med.
– Eg hadde allereie då byrja på journalistutdanninga, så ja, eg visste veldig godt kva eg hadde sikta meg inn på.
Vanskeleg heimanfrå
Hovda fylte 20 år 13. januar i 2002.
– 20-årsdagen min var eit halvt år etter 11. september 2001, så det var veldig mykje fokus på sikkerheit, rasisme og framandfrykt, minnest ho om den tida.

11. september 2001 krasja terroristar to fly inn i World Trade Center i New York. Foto: US National Park Service/Offentleg eigedom/Wikimedia Commons
Kvardagen hennar bestod av studium, fotballtreningar med vennar, og turar heim til Nord-Troms der ho jobba frilans for avisa Nordlys.
– I helgene jobba eg innimellom på ein bar, eller eg drog på innebandyturneringar over heile landsdelen.
Foreldra hennar var dei viktigaste personane i livet på den tida, og journaliststudenten frå Burfjord i Nord-Troms snakka mykje med dei.
– Eg syntest det var vanskeleg å studere så langt borte frå familien, men eg var heldig som hadde ei av mine beste venninner i same by. Elin gjorde livet betre den gongen.
«Spelte ut» Coldplay
Det var òg eit par band og artistar som berika livet hennar som 20-åring. Hovda hugsar at Kaizers Orchestra hadde slått igjennom og var store. Det same var Morten Abel og Coldplay.
– Eg hadde leigd meg eit lydanlegg som eg hadde på hybelen, og Parachutes-plata til Coldplay blei spelt så mykje at det blei riper i CD-plata.
Hadde ho møtt seg sjølv som 20-åring, hadde ho tenkt at «ho der var det fart i».
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– Dette går fint, du treng ikkje bekymre deg. Men den røykinga kan du berre slutte med allereie no.