Natur og Ungdom vinn internasjonal pris

OSSE tildeler Natur og Ungdom ein pris for arbeidet deira med å gi unge med ulike bakgrunnar ei røyst i miljøpolitikken.

Magnus Rotevatn
Publisert

– Som heider for korleis denne ungdomsorganisasjonen byggjer bruer mellom mangfaldige grupper og kjempar for samiske interesser som eit middel for å nå mål knytt til miljøsaka, har juryen samrøystes tildelt Natur og Ungdom Max van der Stoel-prisen for 2024, seier Kairat Abdrakhmanov i ei pressemelding.

Abdrakhmanov er høgkommissær for nasjonale minoritetar i OSSE (Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa).

Max van der Stoel-prisen er kanskje ikkje verdas mest kjende utmerking, men har vore delt ut sidan 2001 og er kalla opp etter ein nederlandsk politikar og diplomat. Tildelinga skal gå til nokon som har prestert noko ekstraordinært for å betra stillinga til nasjonale minoritetar.

Leiaren i Natur og Ungdom, Gytis Blaževičius, synest det er stor stas å få prisen.

– Det er ei stor ære å få ein sånn pris! Dette er ikkje berre ei anerkjenning av arbeidet som me gjer, men òg eit prov på at Noregs dårlege miljø- og menneskerettspolitikk ikkje går usett i utlandet, seier Blaževičius i ei pressemelding frå Natur og Ungdom.

Med prisen fylgjer det ein pengesum på 50 000 euro. Prisseremonien blir halden i Haag 6. november.